Langeidvatn er ein innsjø som ligg i Vinje kommune i Telemark. Innsjøen består av øvre og nedre Langeidvatn, som begge er demd opp. Desse har sitt utløp til Vadtjønnane (øvre og nedre), som òg er demd opp. Frå her går det røyrgate til Haukeli kraftverk. Systemet sitt naturlege utløp er til elva Kjela, like oppfor kraftstasjonen.

Kategori:Innsjøar i Vinje Kategori:Reservoar i Telemark