mini|Utsyn mot sør over Torevannet mot Holleia mini|Torevassdammen og utløpet av Verkenselva mini|Utløpet ved Torevassdammen Torevannet er ein liten innsjø som ligg i Ringerike kommune. Vatnet strekkjer seg sørvestover langs riksveg 7 vest for Sokna i Soknedalen. Vatnet får tilførsel gjennom Eidselva i sørvest, Landselva i sør og Rudselva i nord. Ved utløpet i nordaust startar Verkenselva, som via Verkensfossen renn ned langs sørvestsida av Sokna, der ho møter Sogna.

Torevannet er kjent for bra fiske og fleire flotte badeplassar. Aure på 1 kg er ikkje uvanleg. Rekorden er ein aure på 3,7 kg, som vart teke i garn i 2003. Den mest populære badeplassen heiter Jomfruøya, men er ikkje ei øy, og ligg på ein odde på nordaustsida av vatnet.

Sjå òg Soknavassdraget

Bakgrunnsstoff

Kategori:Innsjøar i Ringerike Kategori:Soknedalen