Spålen er ein innsjø i Ringerike kommune som ligg i den nordlege delen av Nordmarka, på grensa til Krokskogen. Spålen inngår i Spålen-Katnosa naturreservat. Vatnet er langstrekt og har det tronge Nautsundet midt på. Arealet er 0,948 km², og magasinet er på 2,140 millionar m³ vatn. Demninga vart bygd i 1883. Frå Spålen renn Spålselva til Katnosa, og er såleis ei av kjeldene til Maridalsvassdraget. Spålen har fiskebestandar av aure, sik og åbor.

Sjå òg Spålen-Katnosa naturreservat

Bakgrunnsstoff Skiforeningen sine bilete og presentasjon av Spålen i Markadatabasen Fleire bilete Kart over Spålen Erling Kagge sin favorittstad

Kategori:Innsjøar i Ringerike Kategori:Norderhov Kategori:Nordmarka