Ryggefjorden (samisk Čielgevuotna) er ein fjordarm av Kobbefjorden i Måsøy kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 10 km sørvestover til Vesterbotnen.

Fjorden har innløp mellom Slottet i nord og Avløysinga i sør. Heilt inst i fjorden ligg eit lite fiskevær kalla Hamna. Ryggefjorden har forholdsvis rette fjordsider og i kvart «hjørne» i botn av fjorden går to små fjordarmar vidare i kvar sin retning. Vesterbotnen går sørvestover, medan Austerbotnen går søraustover. Fjorden er 242 meter på det djupaste, eit stykke inn i fjorden.

Kategori:Fjordar i Måsøy