Sandstrandfjorden er ein fjord på nordsida av Magerøya i Nordkapp kommune i Finnmark. Fjorden ligg på vestsida av Knivskjellodden og er den nordlegaste fjorden i Noreg om ein ser bort frå Svalbard. Han strekkjer seg 3,5 km sørover til botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Kjerkeneset i vest og Knivskjellodden i aust. Den inste halvdelen av fjorden er særs grunn, berre om lag 3-7 meter. Lenger ute i fjorden, nær Knivskjellodden, er han derimot nær 45 meter djup.

Det er ingen busetnader ved fjorden.

Kjelder

Kategori:Fjordar i Nordkapp