Bjørhusdal gamle skolekapell er eit kapell frå 1887 i Namsskogan kommune i Trøndelag fylke. Bygningen ligg i Bjørhusdalen og var oppført som skule i 1887 og vart påbygd tårn og vigsla til kyrkje i 1897. Bygget er ikkje lenger i bruk som skulekapell.
Kyrkjeklokkene frå kapellet er flytte over i Bjørhusdal kapell og Bjørhusdal gamle skolekapell er museum under Namsskogan Bygdatun.
Byggverket er i tømmer og har 60 plassar.
Kjelder
Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Bjørhusdal gml. skolekapell», s. 215 «Bjørhusdal gamle skole og kapell» på nettstaden Trøndelag kulturnett
Bakgrunnsstoff Fotografi av Anders Beer Wilse frå 1936, frå Bjørhusdalen med Bjørhusdal gamle skolekapell Fotografi av Bjørhusdal gamle skolekapell på nettstaden til NRK Trøndelag
Kategori:Kyrkjer i Namsskogan Kategori:Norske kyrkjer frå 1897