Dun kyrkje er ei langkyrkje frå 1949 i Namsos kommune i Trøndelag fylke. Ho ligg midt på øya Jøa, ved heimgarden til diktaren Olav Duun. Byggverket er i tre og har 230 plassar.

Eldre kyrkjer i Fosnes sokn Kyrkja er den andre på staden. Den fyrste kyrkja på Dun vart innvigd i 1900, men brann ned etter eit lynnedslag 10. juli 1944. Før Dun vart kyrkjestad var det i Fosnesvågen nordaust på Jøa kyrkja i Fosnes sokn låg. Der skal den fyrste kyrkja skal ha vorte sett opp kring 1250. Etter at kyrkja der i 1896 hadde brunne ned for tredje gongen vart det debatt om kvar hovudkyrkja i Fosnes skulle liggje og valet fall på Dun som ligg midt på Jøa. Medverkande til at ein flytte kyrkja frå Fosnesvågen var at Salen kapell samstundes vart sett opp på Salsnes på fastlandet. For Salsnesfolket hadde det teke opptil tre dagar å kome seg til kyrkjes på Jøa.Om Dun kyrkje på nettstaden fosnes.kirken.no Det høyrer med til soga at også den kyrkja brann ned, kapellet som står på Salsnes i dag er frå 1953.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Namsos Kategori:Kulturminne i Namsos Kategori:Kyrkjer i Namdal prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1949 Kategori:Langkyrkjer i Nidaros bispedømme Kategori:Fosnes