Eidekjosen er ein fjordarm av Nevelsfjorden og Sørfolda i Bodø kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 6 km nordvestover til Eidet i botn av fjorden. Frå botn av fjorden er det berre om lag 1 km over til Karlsøyfjorden i vest.

Fjorden har innløp mellom Monsvika i nord og Ørnneset i sør og bortsett frå Eidet er det ingen andre busetnader ved fjorden.

Kategori:Fjordar i Bodø