Saursfjorden er ein fjordarm av Leinesfjorden i Steigen kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 4 km nordaustover til Saursfjord i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Trettskjeret i nord og Hagerøyandseta i sør. Garden Saur ligg på nordsida av fjorden og har gjeve han namn. Ei rekkje holmar utgjer sørsida i den ytre halvdelen av fjorden. Innanfor desse holmane ligg tettstaden Myklebostad.

Kategori:Fjordar i Steigen