Børøybrua er ei platebru som går over Børøysundet mellom Børøya og Stokmarknes på Hadseløya i Nordland. Saman med Hadselbrua knyter ho Hadseløya til Langøya. Børøybrua er 326 meter lang og har 15 meter seglingshøgde. Ho er ein del av riksveg 82.

Børøybrua vart offisielt opna 1. juli 1967, som den fyrste av dei lengre bruene i Vesterålen. Hadsel kommune finansierte og bygde brua, etter at kommunen hadde kjøpt Børøya i 1963.Hadsel bygdebok, bind 2. Forfattarar: Edgar Hovland, Dag K. Andreassen, Inger-Johanne Johnsen. Bergen 2000. ISBN 82-993564-2-3 Børøybrua fekk påbygd fortau på 1980-talet.

Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Børøybrua» henta frå Wikipedia på bokmål 8. mars 2008. Bokmålsartikkelen oppgjev desse kjeldene:

Notar

Kategori:Vegbruer i Nordland Kategori:Platebruer Kategori:Vegar i Hadsel Kategori:Bruer opna i 1967 Kategori:1967 i Noreg