Djupfjordbrua er ei bru som kryssar Djupfjorden i Moskenes kommune i Nordland. Brua er 259 meter lang. Ho vart opna 3. juni 2003 og erstatta ei tidlegare bru over fjorden. Brua er ein del av europaveg 10.
Bygginga av nybrua tok 2 år, noko som var lenger enn planlagd. Under bygginga var det problem med sterk straum, bylgjer og vind i fjorden. Brua, tilkomstvegar og rivinga av den gamle brua kostet om lag 57 millionar kroner.
Den gamle brua var ei hengebru som var bygd i 1959.
Bakgrunnsstoff Denne artikkelen byggjer på «Djupfjordbrua» henta frå Wikipedia på bokmål 8. mars 2008. Bokmålsartikkelen gjev desse kjeldene:
Statens Vegvesen om Djupfjordbrua
Kategori:Europaveg 10 Kategori:Vegbruer i Nordland Kategori:Vegar i Moskenes Kategori:Bruer opna i 1959 Kategori:Bruer opna i 2003 Kategori:2003 i Noreg Kategori:1959 i Noreg