360px|høgre|border Middelhavet (tidlegare også kalla Mellomhavet og Midhavet) er eit innhav mellom Europa og Afrika, med Vest-Asia i aust og Atlanterhavet i vest. Landa som ligg rundt Middelhavet har hatt mykje å gjera med kvarandre gjennom historia, og me kallar dei gjerne middelhavslanda.

Geografi

Havet er knytt til Atlanterhavet gjennom Gibraltarsundet, til Svartehavet gjennom Bosporos, og til Raudehavet gjennom Suezkanalen. Fordi det har svært tronge sambindingar med dei store verdshava er det små tidevassforskjellar i Middelhavet, og havet er relativt roleg.

Middelhavet har ei flatevidd på 2.965.000 km² og ei gjennomsnittleg djupne på 1.430 meter. Den største djupna er 5.267 (36°34' N, 21°08' O) meter. Delar av havet har fått namna Adriahavet, Det tyrrenske havet og Egearhavet.

Klima Sjå òg Middelhavsklima

Områda rundt heile havet har våte vintrar og varme, tørre somrar. Særskilde avlingar ein kan dyrka i heile middelhavsregionen er oliven, druer, appelsiner og andre sitrusfrukter, og kork.

Namngjeving Middelhavet har fått namnet sitt fordi det ligg midt mellom to land. På andre språk er dette endå tydelegare; fransk Mediterranée tyder sjøen mellom landa. Av romarane blei han gjerne kalla Mare nostrum, havet vårt.

Middelhavsland

I nord: Spania, Frankrike, Monaco, Italia, Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina, Montenegro, Albania, Hellas og Tyrkia I aust: Syria, Libanon og Israel I sør: Egypt, Libya, Tunisia, Algerie og Marokko

Øyar i Middelhavet Kypros, Kreta, Évvia, Kos, Náxos og Ródos i aust Sardinia, Korsika, Sicilia og Malta sentralt i havet Ibiza, Mallorca og Menorca i vest

Kategori:Innhav