mini|Abukirbukta Abukir (arabisk أبو قير, egyptisk uttale , også skrive Aboukir og Abū Qīr) er ein liten hamneby i Egypt. Han ligg ved Middelhavet om lag 21 km nordaust for Alexandria. Ruinane av oldtidsbyen Kanopos ligg 3 kilometer frå Abukir. Byen har namn etter Kyros, ein kristen martyr og helgen.

Abukir ligg på vestsida av Abukirbukta. Her fann Slaget ved Nilen (også kalla Slaget ved Abukir) stad i 1798. Her vart den franske flåten til Napoleon øydelagd av den engelske under leiing av admiral Nelson.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Kategori:Byar i Egypt Kategori:Hamnebyar i Middelhavet Kategori:Hamnebyar i Egypt