Trengereidfjorden er ein fjordarm av Samnangerfjorden og Bjørnafjorden i Samnanger kommune i Vestland. Han strekkjer seg 3 km nordover til Trengereid.

Fjorden har innløp mellom Nordodden sør for fjellet Liahædda i aust og grenda Sagi i vest. Inst i fjorden ligg to viker, Skardsvåg og Trædsvika. Fylkesveg 137 går langs vestsida av fjorden.

Kategori:Fjordar i Vestland Kategori:Geografi i Samnanger