Pordenone (friulisk Pordenon) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Pordenone i regionen Friuli-Venezia Giulia og har om lag 50 000 innbyggjarar.

Namnet kjem frå det latinske «Portus Naonis» som tyder porten ved elva Noncello (latin Naon)

Historie Pordenone vart grunnlagd seint i mellomalderen som ei elvehamn ved Noncello og namnet Portus Naonis. I området var det alt villaer og jordbruksbusetnadar i romartida. I 1378 vart byen gjeven til Habsburg-familien etter å ha høyrt til fleire føydale styre og vart ein del av patriarkatet Aquileia. På 1300-talet voks Pordenone raskt på grunn av den blømande handelen langs elva og han fekk bystatus i 1314.

I 1514 vart han ein del av Republikken Venezia som bygde ei ny hamn.

Etter napoleonskrigane vart Pordenone innlemma i Kongedømet Lombardia-Venetia. Då byen fekk jernbane- og vegsamband vart hamna mindre viktig, men industrien vart kraftig utvikla, mellom anna innan handsaming av bomull. Pordenone vart annektert til Italia i 1866.

Etter den andre verdskrigen vart den lokale bedrifta Zanussi ein verdsgigant innan hushaldningsutstyr og i 1968 vart Pordenone hovudstad i provinsen med same namn.

Pordenone og resten av Friuli-Venezia Giulia vart etter krigen ein garnison med mykje militæraktivitet for å hindre ein eventuell sovjetisk invasjon frå aust.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pordenone» frå , den 23. desember 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Friuli-Venezia Giulia Kategori:Byar i Italia