(45) Eugenia I Petit-Prince er ein asteroidemåne i krinslaup rundt 45 Eugenia. Den vart oppdaga i 1998 av astronomar ved Canada-Frankrike-Hawaii-teleskopet på Mauna Kea, Hawaii. Den fekk mellombelsnamnet S/1998 (45) 1.

Petit-Prince vart namnsett i 2003 etter Antoine de Saint-Exupérys rollefigur Den vesle prinsen, som bur på ein asteroide kalla B612 som igjen var basert på keisarprins Eugène Bonaparte, son av keisarinne Eugénie de Montijo.

Petit-Prince er 13 km i diameter mot 45 Eugenia sine 214. Satellitten bruker fem dagar på eit krinslaup rundt Eugenia.

Petit-Prince er den første asteroidemånen som har blitt oppdaga ved hjelp av ei bakketeleskop. Før oppdaginga av Petit-Prince kjende ein berre til éin asteroidemåne, Dactyl, som vart oppdaga av Galileo-sonden då den passerte 243 Ida.

Sjå òg 2578 Saint-Exupéry 46610 Besixdouze – namnet er B-seks-12 på fransk og nummeret utgjer 0xB612 612 Veronika

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Petit-Prince (moon)» frå , den 23. desember 2007.

Petit-Prince