County Antrim (irsk Contae Aontroma eller berre Aontroim) er eit av seks grevskap i Nord-Irland nordaust på Irland i provinsen Ulster. Den tradisjonelle administrasjonsbyen er Antrim, men den siste perioden før grevskapet mista sin administrative funksjon i 1970 vart det styrt frå Ballymena.

County Antrim grensar til Londonderry i vest og Down i sør. I sørvest ligg Lough Neagh, medan Irskesjøen ligg mot aust og Atlanterhavet ligg i nord.

Eit fylke, Antrim County, i delstaten Michigan i USA er kalla opp etter County Antrim.

Byar og landsbyar i County Antrim Antrim Belfast (delvis i Down) Ballycastle, Ballyclare, Ballymena, Ballymoney, Bushmills Carrickfergus Glengormley Larne Lisburn Newtownabbey Portrush

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «County Antrim» frå , den 25. oktober 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Grevskap i Nord-Irland