County Tyrone er eit av seks grevskap i Nord-Irland nordaust på Irland i provinsen Ulster.

County Tyrone grensar til Fermanagh i sørvest, Londonderry i nordaust, Armagh i søraust. I aust ligg Lough Neagh. Av grevskap i Republikken Irland grensar Tyrone til Donegal i nordvest og Monaghan i sør.

Tidlegare var grevskapet større, og inkluderte den delen County Londonderry som ligg aust for elva Foyle.

Det er det største av dei seks grevskapa i Nord-Irland. Etter endringane i lokalstyreordninga har ikkje grevskapet lenger noko administrativ funksjon. Tyrone er delt i fire distrikt: Cookstown, Dungannon, Omagh og Strabane. I tillegg er ein mindre del av grevskapet inkludert i distriktet Fermanagh.

Byar og landsbyar Den tradisjonelle administrasjonsbyen i Tyrone er Omagh. Andre store byar er Strabane, Dungannon og Cookstown. Av mindre byar finn ein Fivemiletown, Castlederg, Coalisland, Donaghmore, Ardboe, Pomeroy og Carrickmore.

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «County Tyrone» frå , den 25. oktober 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Grevskap i Nord-Irland