Fitjar (uttale (IPA) ) er ein kommune i Vestland fylke, i Sunnhordland. Størstedelen av kommunen ligg på øya Stord, der kommunen Stord ligg i sør, og Fitjar kommune ligg i nord. I tillegg til Stord er mange øyar ut mot Selbjørnsfjorden ein del av øykommunen Fitjar.
Fitjar vart eigen heradskommune i 1860. Etter 1964 grensar kommunen i sør og søraust til Stord, i aust og nord til Tysnes, i nordvest mot Austevoll og i sørvest og sør til Bømlo. Før 1964 høyrde også søraustsida av øya Selbjørn og Huftarøy til Fitjar. Fram til 1898 var kommunenamnet Fitje.
Fitjar var i lange tider ein kongsgard og truleg eit høvdingsete sidan bronsealderen, og i dag er staden kanskje mest kjend for slaget på Fitjar. Sogespelet Kongen med Gullhjelmen eller Håkonarspelet er eit spel til minne om kong Håkon I den gode og slaget. Kva år slaget stod, er ein ikkje viss på, men ein reknar at det var anten i år 959, 960 eller 961. Håkonarparken ligg i Fitjar med ein statue av Håkon den gode. Statuen er laga av bilethoggaren Anne Grimdalen og vart avduka av kong Olav V i 1961 under 1000-årsjubileet for slaget på Fitjar.
Namn Namnet Fitjar er eit gamalt gardsnamn og er fleirtal av det norrøne fit, som tyder noko nær 'flatvoren, frodig eng attmed vatn'. Etter år 1500 vart det skrive på ymse måtar som Fiddie, Fidie, Fettie, Fittie, Fitte og Fitie, før ein gjekk tilbake til det opphavlege namnet Fitjar. Fitjar vart nemnd i Håvamål der det vert skrive Fitjungr. Fitjarnamnet vert òg nemnd av Sigvat Skald i Bergsølisvisene (om lag 1040) og skalden Tord Sjårekson i kvadet om Torolv Skolmson i 960-åra. Av andre soger er Fitjar nemnd i Heimskringla, Fagrskinna, Flatøyboka, Landnåmaboka og den eldste jordeboka vår frå mellomalderen, Bjørgynjar Kalfskinn.
Namnet «Stord» kjem av norrønt, og kan tyda 'den høgreiste'.
Geografi
Fitjar kommune består av den nordlege halvdelen av øya Stord og Fitjarøyane, som ligg mellom Stord og Bømlo. Sjølve tettstaden Fitjar ligg på ei vid og flat slette på nordvestsida av øya, vest for Stordfjella, som går på langs av heile øya frå nord til sør.
Vikar, sund og fjordar På austsida av Fitjar og Stord ligg Langenuen med Tysnes på andre sida. Langs Langenuen finn ein Vistviki, Færøysund, Levåg, Sandvikvåg og Tveitevåg. Nord for Fitjar ligg Selbjørnsfjorden og frå her går Fitjarvika sørover mot Fitjar sentrum og innimellom Fitjarøyane strekkjer Engesundsleia, Nyleia og Brandasund seg sørover. Stokksund ligg mellom Stord og Bømlo og frå her går det to små fjordar inn på Fitjarsida av Stord. Den sørlegaste av desse er Dåfjorden. Dåfjorden deler seg i to greiner, den eine sørover og inn i Stord kommune, og den andre går nordover og inn i Fitjar der Sagelva munnar ut. Den nordlegaste er Hellandsfjorden, der Kjærelva frå Storavatnet endar. Innløpet til Hellandsfjorden var opphavleg svært trongt og hadde sterk straum, men i 1890 vart innløpet utvida slik at småbåtar kunne passere og gå inn til mølla i Kjærelva.
Fitjarøyane mini|venstre|Utsyn mot Fitjarøyane frå Storhaugen mini|venstre|Fitjarøyane sett frå lufta i vest. Fitjar sentrum er til venstre for midten. Fitjarøyane utgjer til saman 381 øyar, holmar og skjer Fitjarøyane består av unike lyngheier og i 1986 vart det gjort framlegg om å gjere øyane om til ein nasjonalpark, men dette vart ikkje noko av. Det går tradisjonsrike skipsleier mellom øyane, og her ligg fleire handelsstader med tradisjonar tilbake til 1648. I dag er området ein særs populær stad for båtturistar.
Fitjarøyane grensar til Nordsjøen i vest (dei ytste av øyane vart derimot overført til kommunen Bømlo etter at det vart lagd brusamband frå Bømlo til fleire av øyane), Selbjørnsfjorden i nord, Fitjarvika i aust og Bømlo i sør.
Av øyar i Fitjarøyane finn ein: Fodno (ligg i Fitjarvika, like nordvest for sentrum), Smedholmen, Teløyna, Engesund (med ein gamal handelsstad), Eldøy, Hjelmen, Ålforo (den største av dei), Straumøya, Ivarsøy, Siglo, Tranøy, Nattarøy, Tverdarøy, Torsdagsøy, Eggøy, Hanøy, Eidøy, Vassøy, Soløy, Urdøya og Klamsøya. Dei ytste av Fitjarøyane høyrer i dag til Bømlo kommune, inkludert Slåtterøy, der Slåtterøy fyr står.
Fitjarfjella mini|Ein del av Fitjarfjella. Toppane til høgre er Kinno (lokalt kalla Kidno) på 571 moh. Av fjell på Fitjar finn ein: Mehammersåta (676 moh.; sjølve toppen ligg på Stordsida og er 749 moh) Litlasåto (676 moh) - høgaste fjellet i Fitjar kommune Grønafjellet (623 moh.) Tindane (596 moh.) Kinno (571 moh.) Klovskardfjellet (555 moh.) Midtfjellet (500 moh.) Melen, med toppen Melsåta (499 moh.) Handfjellet el. Handfjellsåta (465 moh.) Tveitafjellet (380 moh.) Sætrabøfjellet (378 moh.) Husafjellet (368 moh.)
Vatn og elvar mini|venstre|Fitjarelva, nær Fitjarstølane Storavatnet er det største vatnet på Fitjar. Det ligg på vestsida av Fitjarfjella, rett vest for Tveitafjellet, og om lag 2 km sør for sentrum. Innsjøen ligg 6 moh. og er opp mot 5 km lang og 1 km brei på det breiaste med eit areal på 3 km². Rydlandselva og Tveitaelva er dei største elvane som munnar ut i Storavatnet. Tveitaelva dannar eit flott fossefall berre nokre meter før ho munnar ut i vatnet. Kjærelva renn det vetle stykket frå Storavatnet og ut i Hellandsfjorden. Ho er kort, men vassrik. Av andre elvar på Fitjar finn ein Årskogelva og Fitjarelva, som begge munnar ut i Fitjarvika, og Flono som munnar ut i Dåfjorden.
mini|Rydlandssaga i Flono på Fitjar I eldre tider vart det bygd bygdemøller ved elvane, der ein mol korn, men tidleg på 1900-talet vart dei fleste av desse nedrivne og erstatta av ei stor mølle ved Kjærelva. Ved Flono eller Sagelva vart det bygd eit sagbruk, kalla Rydlandssaga. Sagbruket står framleis der Riksveg 545 går over elva, berre nokre meter frå kommunegrensa.
Det er rikt på vatn og tjørner i Fitjarfjella. Her finn ein mellom anna Kyrkjevatnet (297 moh.), Langavatnet (311 moh.), Svartavatnet (388 moh.), Midtvatnet (367 moh.), Kinnavatnet (344 moh.), Mosavatnet (461 moh.), Botnavatnet (323 moh.), Klovskardvatnet (292 moh.), Kongskogvatnet (294 moh.) og Inste og Ytste Sørlivatnet (283 moh. og 248 moh.). Midt i Mosavatnet, som ligg midt på fjellet nedanfor Grønafjellet, ligg det ei lita øy der det veks molter. I tillegg til desse finst det svært mange mindre tjørner, som Rompetjødno.
Grender Strando er eit namn som vert nytta om gardane som ligg på austsida av Fitjar, langs Langenuen. Lengst nord på vestsida av Stord ligg Osterneset. Sør for Osterneset ligg sjølve grenda Fitjar, der kongsgarden ein gong låg. Vestbøstad ligg vest for sentrum, medan ein mellom Storavatnet i sør og sentrum finn gardane Vik, Nesbø og Tveita. Gardane som ligg rundt resten av Storavatnet vert kalla Øvrebygdo. Vest for Øvrebygdo ligg Koløyhamn, og ved Dåfjorden ligg Sælevik.
Plante- og dyreliv Det var tidlegare lite barskog på Fitjar og Stord, men derimot ein del av lauvskog. På byrjinga av 1900-talet byrja ein å plante ein del furu og gran. Av skog finn ein mest bjørk, furu og gran, men òg andre tresortar som ask, raun, hatl, older, eik, osp, selje, hegg, kristtorn, haktorn, bergflette og einer.
Av fuglar finn ein dei vanlege sjø- og strandfuglane som måse, lundefugl og skarv, i tillegg til ugle, ramn, ørn, hauk, vipe, orrfugl, tiur og lom. I fjellet finn ein òg rype og heilo. Det finst mykje hjort på Fitjar og det vert drive ein del hjortejakt for å halde bestanden nede. Andre dyr som finst på Fitjar og Stord er ekorn, hare og oter. Det har vore observert røyskatt i tidlegare tider, og rev var vanleg fram til han vart utrydda med gift. Den siste bjørnen på Stord skal ha vorte jaga utfor Uføro på austsida av øya der Uføretunnelen i dag ligg.
Klima
Det står ein nedbørsstasjon på Prestbø, rett utanfor Fitjar sentrum. Den noverande stasjonen har vore i drift sidan oktober 1982, men det har vorte målt nedbør på Fitjar sidan juli 1895. September og oktober er dei våtaste månadene av året, medan april og mai er dei tørraste. På den noverande stasjonen er normalen 1610 mm i året, medan den førre stasjonen hadde ein årsnormal på 1760 mm.
Normalar for Prestbøeklima på met.no (krev gratis brukarkonto) Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År Temperaturar (°C) 1,5 1,2 2,7 5,0 9,3 12,2 13,5 13,8 11,3 8,7 4,8 2,7 7,2 Nedbør (mm) 136 103 120 79 77 92 105 131 201 200 195 171 1610
Øya Stord skil seg ut frå det normale nedbørsmønsteret på Vestlandet der det regnar mest på vestsida, medan austsida ligg i regnskuggen. På Stord regnar det nemleg mest langs ryggen av Stord, medan det kjem meir nedbør på austsida enn på vestsida. Ein meiner dette kjem av forma på Stordfjella, som går slakt oppover på vestsida og fell brått ned på austsida. Børtveit, som ligg på austsida av Stord i Stord kommune, er òg representativ for austsida av Fitjar.
Normalar for Børtveit Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År Nedbør (mm) 266 201 228 135 125 151 159 217 348 355 357 329 2871
Historie Eldre historie mini|venstre|Kongsbrønnen på Fitjar. Dette var truleg brønnen som høyrde til kongsgarden på Fitjar Området rundt Fitjar har vore busett sidan steinalderen. På denne tida stod havet 10–15 meter høgare enn i dag, det vil seie at det gjekk inn i Storavatnet og langt opp Fitjarelva. Det milde klimaet etter den siste istida gjorde at store delar av området var dekt av skog, truleg mest eik, ask og lind, og området var rikt på vilt, hjort og villsvin. Arkeologar meiner det har vore folk på Fitjar i 10 000 år, og det er gjort mange funn av steinreiskapar rundt om på Fitjar, men desse stammene var hovudsakleg omflakkande og var her berre i periodar om gongen. Ved Rimbareid vart det likevel funne ei hustuft frå steinalderen under ei gravrøys som vart undersøkt av arkeolog E. de Lange i 1906. Denne bustaden er truleg frå seint i steinalderen, men kan òg vere frå tidleg i bronsealderen sidan restane viste eit firkanta hus, medan runde hus var meir vanleg i steinalderen.
Det var først i bronsealderen, omkring 1800–1600 f.Kr. at det vart fast busetnad på Fitjar. På denne tida starta ein med primitivt jordbruk, og dei første gardane låg i skråningane frå Fitjar sentrum til Rimbareid rett sør for sentrum. Bronse var det einaste kjende metallet ein hadde på denne tida, og han vart stort sett frakta gjennom handel nordover i Europa frå Middelhavsområdet. Bronse kosta derfor ein formue og var sjeldan her til lands, men på Fitjar er det gjort fleire flotte bronsefunn. I ei myr på Kloster vart det funne ei bronseøks. Øksa vert rekna som eit av dei flottaste bronsefunna i Skandinavia, støypt utan ein feil og dekorert med flotte mønster av spiralar, sirklar og tungeforma figurar. I tillegg er det funne eit sverd av kopar og ein kniv i ei gravrøys på Rimsvarden ovanfor Fitjar sentrum. Gravrøysa er om lag 30 meter i diameter og er ei av dei største gravrøysene i Hordaland. I følgje segna er det kong Rim som er gravlagd her, og derfor har røysa fått namnet Rimsvarden. Rundt år 1790 vart grava opna, og det vart funne ei steinhelle oppå eit firkanta og fint mura gravkammer. I grava låg det ein kniv og eit sverd av bronse. Kniven er komen bort, men sverdet ligg i dag på Historisk museum i Bergen. Steinhella vart teke med til kyrkjegarden og nytta som gravstein for ein bonde frå Rimbareid, 3000 år etter ho vart nytta som gravstein på Rimsvarden. I tillegg er det funne fleire andre gravrøyser på Fitjar. Alle dei storslagne funna og gravrøysene vitnar om at Fitjar truleg hadde velståande storgardar med høvdingeættar alt i bronsealderen.
I jernalderen kom det til fleire gardar og folketalet voks, men det er gjort svært få funn frå denne perioden.
Mellomalderen Før slaget på Fitjar