Bjugn er ein tidlegare norsk kommune i Trøndelag fylke. Kystkommunen låg på Fosenhalvøya i Trøndelag fylke, og hadde fire tettstader med Lysøysund og administrasjonssenteret Botngård som dei største. Kommunen grensa til Åfjord i nord, Rissa i aust og Ørland i vest. 1. januar 2020 blei kommunen slått saman med Ørland kommune.Forskrift om sammenslåing av Bjugn kommune og Ørland kommune til Ørland kommune

Kommunevåpenet til Bjugn viser eit ror i gull på blå botn. Dette blei vedteke av kommunen i april 1987 og godkjent i statsråd i 1989.

mini|Utsyn over Eide i Bjugn Geografi Bjugnfjorden, Tarvafjorden og Stjørnfjorden skjer inn i kommunen. Været og Karlsøya er øyar som ligg langt frå fastlandet sør i kommunen, medan Melsteinen ligg i nord.

Seksortklumpen på 490 moh. er høgaste fjellet, men det noko lågare Kopparn 483 moh. er eit meir imponerande og velkjent landemerke.

Historie Det finst mange spor frå eldre jernalder i kommunen, for det meste gravhaugar, som ligg konsentrert i særskilde område langs kysten.

Sildefiske var lenge ein viktig næringskjelde i området som no er Bjugn kommune, og det blei etablert to fabrikkar for sildolje og sildemjøl her på 1950-talet.

I 1899 blei Bjugn delt opp herada i Stjørna, Bjugn og Nes. I 1964 blei herada Jøssund, Nes, Bjugn og nord-Stjørna slått saman til Bjugn kommune.

Natur Engstorkenebb er kommuneblomen til Bjugn.

Kultur Mølnargården er bygdatun og museum for Bjugn. Her blir kvart år det historiske spelet Mølnargårdsspellet, som skildrar Bjugn-historia frå steinalderen til 1900-talet, vist fram. Dette var det første utandørsspelet som blei laga til i Sør-Trøndelag.

Folk frå Bjugn Arnfinn Nesset (f. 1936), sjukeheimsstyrar, sjukepleiar Morten Lund (f. 1945), politikar, stortingsmann

Kjelder

Bakgrunnsstoff Bjugn kommune sine heimesider

Kategori:Fosen Kategori:Tidlegare kommunar i Trøndelag Kategori:Norske kommunar skipa i 1853 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 2019