Wolfenbüttel er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 55 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Oker om lag 13 km sør for Braunschweig. Han er administrasjonsstad for landkreisen Wolfenbüttel og bispsesete for den lutherske statskyrkja i Braunschweig. Han er òg den sørlegaste av 172 byar i Nord-Tyskland som har eit namn som endar med büttel, som tyder «bustad».

Historie Det er ikkje kjend kortid Wolfenbüttel vart grunnlagd, men han vart først nemnd i 1118 som Wulferisbutle. Dei første busetnadane låg sannsynlegvis på ei lita øy i Oker.

mini|venstre|Wolfenbüttler Schloss i Wolfenbüttel.

Wolfenbüttel vart residens for hertugen av Braunschweig i 1432. Dei neste tre hundreåra voks byen og vart eit senter for kunst, og personar som Michael Praetorius, Gottfried Leibniz og Gotthold Ephraim Lessing budde her. Hertughoffet flytta etter kvart tilbake til Braunschweig i 1753 og Wolfenbüttel vart mindre viktig.

Slaget ved Wolfenbüttel under trettiårskrigen vart utkjempa her i juni 1641, då svenskane under Carl Gustaf Wrangel og Hans Christoff von Königsmarck slo austerrikarane under Erkehertug Leopold av Habsburg.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wolfenbüttel» frå , den 22. juni 2007.

Grunow, Heinz and Wessel, Wolfgang. Wolfenbüttel: ein Bildband. Grenzland-Verlag Rock & Co., Wolfenbüttel. 1977

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Tyskland Kategori:Byar i Niedersachsen