Cuxhaven er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 50 000 innbyggjarar. Byen ligg ved kysten av Nordsjøen og munningen av Elbe. Cuxhaven strekkjer seg 14 km frå aust til vest og 7 km frå nord til sør. Han er administrasjonsstad i landkreisen Cuxhaven og er ein populær feriestad ved Nordsjøen.

Historie Cuxhaven er ein relativt ung by og vart først ein by 15. mars 1907. I over 600 år fram til 1937 høyrte Cuxhaven til Hamburg.

Mellom 1945 og 1964 vart det utført forskjellige raketteksperiment nær Cuxhaven. I oktober 1945 vart V-2-raketten skote opp som ein demonstrasjon for dei allierte. Seinare vart det avfyrt mange rakettar her, alt frå naudrakettar til store forskingsrakettar. I 1963 vart den første raketten som nådde ei høgd 120 km skote opp frå Cuxhaven. Etter ei ulukke med dødleg utfall i 1964 vart testoppskytinga lagt ned.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cuxhaven» frå , den 6. februar 2019.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Tyskland Kategori:Byar i Niedersachsen Kategori:Byar ved Nordsjøen Kategori:Hamnebyar i Tyskland