Gard er eit departement sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Occitanie, og er kalla opp etter elva med same namn. I 2019 hadde det eit folketal på 748 437.Populations légales 2019: 30 Gard, INSEE Hovudstaden ligg i Nîmes.
Historie Gard er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Languedoc.
Gard-området vart busett av romarane i antikken. Romarvegen Via Domitia mellom Italia og Spania vart bygd gjennom departementet i 118 fvt.
Geografi Departementet er i dag ein del av regionen Languedoc-Roussillon og grensar til departementa Hérault, Lozère, Aveyron, Bouches-du-Rhône, Vaucluse og Ardèche.
Det høgaste punktet i departementet er Mont Aigoual.
Dei siste åra har departementet vorte råka av alvorlege flaumar.
Demografi Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Gardois.
Turisme Gard inneheld delar av nasjonalparken Parc National des Cévennes.
Det finst fleire restar av romersk arkitektur i Nîmes, i tillegg til den romerske akvedukten Pont du Gard.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Prefekturet si nettside Offisiell nettside Kart over department
Kategori:Franske departement Kategori:Departement i Occitanie