Haute-Savoie (Øvre-Savoie) er eit departement aust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Rhône-Alpes i Dei franske Alpane.
Historie Haute-Savoie er eit av to departement i regionen Savoie som vart annektert av Frankrike 24. mars 1860.
Det første Vinter-OL nokon gong vart halde i Chamonix frå 25. januar til 5. februar 1924.
Geografi Mont Blanc og Annecysjøen ligg i Haute-Savoie. I nord grensar departementet til Sveits og Genfersjøen med Genève som næraste by. Byen Évian-les-Bains er den mest kjende franske byen ved breidda til Genfersjøen, mest kjend for mineralvatnet Evian. I aust grensar Haute-Savoie til Italia, i vest til departementet Ain og i sør til departementet Savoie.
Nokre av dei mest kjende skistadane i verda ligg i departementet, t.d. Chamonix, som er eit senter for skisport og fjellklatring like ved foten av Mont-Blanc, det høgaste fjellet i Vest-Europa på 4 808 meter.
Demografi Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Hauts-Savoyards.
Bakgrunnsstoff
Prefekturet si nettside Offisiell nettside
Kategori:Franske departement