Kongsberg er ein kommune i Buskerud fylke. Kommunen grensar i nord til Flesberg, i aust mot Øvre Eiker og Holmestrand, i sør mot Skien, Siljan og Larvik, og i vest mot kommunane Notodden og Sauherad. Kongsberg er den kommunen som ligg lengst mot sør i Buskerud fylke.

Flatevidd og folkesetnad

I 1964 vart Kongsberg, Øvre Sandsvær, Ytre Sandsvær, Jondalen i Flesberg og Øvre Jondalen i Gransherad slege saman til den nye Kongsberg kommune. Kommunen har ei flatevidd på 792,0 km², og hadde den 1. januar 2004 23 154 innbyggjarar. Dei fleste av innbyggjarane bur i tilknyting til bykjernen, eller i områda kring. Heistadmoen, Skollenborg, Saggrenda, Hvittingfoss og Passebekk er døme på stadnamn i området kring.

Utdanningsinstitusjonar Universitetet i Søraust-Noreg

Verd å vitja Museum Norsk Bergverksmuseum Lågdalsmuseet Kongsberg Våpenfabrikk sitt museum Kongsberg Skimuseum Kongsberg kyrkje, ein av dei største kyrkjebygningane i Noreg, vidgjeten for sitt rike interiør i rokokko.

Kultur Kongsberg Jazzfestival.

Bilete

Bakgrunnsstoff

Lokalavisa Laagendalsposten Norsk Bergverksmuseum

Kategori:Kommunar i Buskerud