Roskilde domkyrkje, eller Roskilde Domkirke på dansk, ligg i Roskilde i Danmark. Ho er den mest sentrale kyrkja i landet fordi ho er gravkyrkja for dei danske regentane og har vore det frå 1400-talet til i dag. Kyrkja har gravene til 39 kongar og dronningar.

Domkyrkja er i dag ei luthersk domkyrkje med tilknyting til Folkekirken, hovudkyrkje for Roskilde stift og vart betrakta som ein nasjonal heilagdom.

I 1995 vart kyrkja teken med på UNESCO si verdsarvliste mellom anna på grunn av sin meisterlege arkitektur, kunstnariske utsmykking og historiske betyding.

Historie Tidlegare kyrkjer Harald Blåtann skal ha reist eit kyrkje i treverk på 900-talet. Detaljane om denne er elles ikkje kjend. Den eldste kyrkja på staden ein har funne sikre spor etter, er ei steinkyrkje bygd av Sven Normand, biskop av Roskilde frå 1074 til 1088. Byen hadde allereie vore bispesete i kring eit halvt hundreår. Det er mogleg at den fyrste domkyrkja låg på same staden. Utgravingar i 1892 gjorde det mogleg å kartleggje mykje av Normand si kyrkje.

Noverande kyrkje Ein byrja å byggja den noverande kyrkja i andre halvdelen av 1100-talet, truleg i 1170-åra. Kyrkja er i utgangspunktet i ein seinromansk stil, men det er sterk påverking frå tidleg nordfransk gotikk. Det er tre kyrkjeskip med kort, tredelt tverrskip, kor og apsis med korgang. Materialet er teglstein.

Biskop Absalon var fosterbror og alliert med Valdemar den store, og kort tid etter at Absalon vart utnemnd til biskop i Roskilde i 1158, starta han å bygge om Nordmand si steinkyrkje. Det var vanleg at ein bygde utanpå den opphavlege bygningen og slik har det også skjedd her. Først bygde ein på koret og apsisen på austsida av den gamle kyrkja. Den nye kyrkja var planlagt som ei granittkyrkje, men ettersom teknikken med teglstein hadde vorte introdusert til Danmark i 1160, vart det endra på prosjektet og rundt 1170 starta ein å reise ei teglsteinskyrkje på fundamenta av granitt.Niels Peter Stilling, side 296

Etter planane skulle byggverket bli ein katedral med tre skip og med eit tverrskip ved koret. Arbeidet gjekk framover og då Absalon døydde i 1201, stod apsisen og koret ferdig.

Tverrskipet blei aldri ferdigstilt slik det var planlagt. Bygginga blei forandra og tverrskipa vart i staden til flate krossarmar. Dei enda i ein spiss avslutta gavl i gotisk stil. I perioden 1225–1250 gjorde ein seg ferdig med kyrkja og ho stod fram som ein gotisk katedral med langhuskor og kvelv. Då ein var komen så langt, blei den gamle travertinkyrkja riven.

Det skulle gå lang tid før kyrkja stod ferdig med sine dobbelttårn slik som no, men på byrjinga av 1400-talet var det meste på plass. Kyrkja har tre skip, sideskip i to etasjar og eit heva høgkor.

Dei slanke vesttårna blei reist på initiativ av Kristian IV så seint som i 1635. Margretespiret blei reist av Erik av Pommern ca. 1420 og har vore utsett for fleire ulukker. Det brann under ei restaurering, men vart sett opp på nytt att.

Innvendig Altartavla mini|Altartavla i Roskilde domkyrkje er eit triptyk med fløyer som kan opnast og lukkast etter som det er heilagdag eller kvardag. Altartavla er i renessanse og er eit biletskjerararbeid av høg kunstnarisk kvalitet. Ho er laga i Antwerpen om lag 1560. Ho skulle etter myten eigentleg til byen Danzig, det noverande Gdansk i Polen. Då frakteskipet passerte Øresund, vart det oppgjeve ein særs låg verdi. Ein ynskte å betala minst mogleg toll. Tollarane tillét seg då å kjøpa altartavla til den oppgjevne prisen på vegner av kongen.Anette Kruse, side 113 Ein variant av historia er at tavla vart kjøpt inn direkte i Antwerpen av Herluf Trolle, som på denne tida var eigar av Herlufsholm, det seinare Frederiksborg slott. Ein kan ikkje bekrefte desse historiene og dei er dermed å rekne som myter.

Altartavla er omtala første gong i ei reiseskildring av Christian av Anhalt i 1623.

Fleire plassar på tavla kan ein sjå små merke brent inn; desse viser ei enkelt arm eller hand eller to hender over ein bygning med tre tårn. Det siste er Antwerpens byvåpen og merka er biletskjerarlauget sitt godkjenningstempel.Anette Kruse, side 112 Altartavla er bygd som eit skap med fløyer som kan opnast og lukkast etter som det er heilagdag eller kvardag. Relieffa i første stand skildrar Jesu lidingshistorie i midtskapet og fløyene, i predellaen kan ein sjå scener frå Jesu barndom.Højaltertavlen i Roskilde Domkirke frå Altertavler.dk Registernr.: RO.01.03.01 under Roskilde Stift Altartavla er gjort av eik og nesten heilt dekt av bladgull.Anette Kruse, side 111 Fleire plassar er det måla oppå gullet, eller skrapa ut små mønster for å få fram detaljar i uttrykket. Tavla vart restaurert kring 1970.

Altartavla måler 435 x 300 cm ved midtpartiet.

Korstolar, døypefont og preikestol Korstolane er frå byrjinga av 1400-talet og skorne ut ved ein av snikkarverkstadene i Roskilde.Niels Peter Stilling, side 299 Dei var ei gåve frå biskop Jens Andersen Lodehat. Stolane har ei inskripsjon kor ein kan lese at dei er laga til minne om dronning Margreteog slektningen til biskopen, biskop Peder Jensen Lodehat.

Koret blei bygd om og utvida med fleire meter mot vest. Ein ynskte å skape ei særprega ramme rundt grava hennar Margrete og korstolane blei plassert i høgkoret i U-form som var lukka i vest og ope mot høgaltaret i aust. I tillegg til korstolane plasserte ein fire lesepultar på skrå overfor gravmonumentet.Anette Kruse, side 86

Sjølve korstolane er laga slik at dei skulle gje mest mogleg kvile under gudstenesta som kunne gå for seg i fleire timar og kor kannikane måtte reise seg opp og ned, alt etter kva ritualet kravde. Over kvar av stolane er skorne motiv frå Bibelen. Opphavleg var korstolane måla og ein kan framleis finne att nokre restar av måling.

Oppstillinga av korstolane blei endra rundt 1690 koret vert opna opp og dei 48 setene har sida vore plassert med 24 på kvar side.

Døypefonten er støypt av malm og sjølve kummen vert halden oppe av evangelistane. Døypefonten er frå 1602 og var ei gåve frå Frederik Godske og Jacop Wind; årstal og våpen er ført på fonten.Anette Kruse, side 119 Rundt døypefonten er ei innskrift på latin der det står; Den som trur og vert døypt, skal verte frelst. Men den som ikkje trur, skal verte fordømd. (Frå Markus 16, v.16)

Òg preikestolen er eit verk frå renessansen. Den er laga av sandstein og alabast og har detaljar av ljos italiensk og svart belgisk marmor. Preikestolen er eit arbeid av den danske steinhoggaren Hans Brockman og vert ferdig i 1609.Niels Peter Stilling, side 300 Preikestolen er ei gåve frå Kristian IV.

Hovudorgel mini|Pipeorgelet der dei eldste delane er frå midt på 1400-talet. Ryggpositivet er frå 1554 og er konstruert av orgelbyggjaren Herman Raphaëlis Rottensten-Pock. Orgelet i kyrkja vert ofte kalla Raphaëlisorgelet og dei eldste delane er frå midt på 1400-talet. Ryggpositivet er frå 1554 og er konstruert av orgelbyggjaren Herman Raphaëlis Rottensten-Pock. Orgelet har dekorasjonar i barokk som kjem frå ei ombygging ved Gregor Mülisch i 1654.Roskilde domkirkes orgel frå Organindex

Det er mogleg at orgelbyggjaren Johan Lorentz d.e. stod for ei ombygging av orgelet fram mot 1650 då han døydde. Oppgåva blei ført vidare av Gregor Mülisch og moglegvis Peter Karstensen. Det har ein inskripsjon med årstalet 1654.Orglets historie i DanmarkRoskilde Cathedral organ in Denmark 1555 Hermann Raphaëlis / 1654 Johan Lorentz

Seinare har orgelet gått gjennom fleire ombyggingar og utvidingar; ved Marcussen & Søn i 1833 og 1991 og ved TH. Frobenius og Sønner Orgelbyggeri i 1926 og 1957. Orgelet har 33 stemmer.Domsognets orgler mini|Kororgelet frå 2000 mini|Evangelisten Johannes

mini|venstre|Sankt Georg med dragen, Kirsten Kimers og Per Døver. Disposisjon I Ryggpositiv CDE–g3Gedact 8′Principal 4′Gedact 4′Octava 2′Salicional 2′Sedecima 1′Sesquialtera II Mixtur III Hoboy 8′ Tremulant II Hovudverk CDEFGA–c3Bordun 16′Principal 8′Spitzflöjt 8′Octava 4′Rohrflöjt 4′Nassath 22/3′Super Octava 2′Mixtur IV–V 11/3′Trompet 8′ III Brystpositiv CDEFGA–c3Gedact 8′Gedactflöjt 4′Octava 2′Waltflöjt 2′Sedecima 1′Regal 8′Geigen Regal 4′ Pedal CDE–d1Principal 16′Octava 8′Gedact 8′Octava 4′Mixtur IV 2′Posaun 16′Trompet 8′Schalmei 4′Tremulant Koppler: II/I, II/II, I/P, II/P. Tillegg: Tremulant, Cymbelstjerne, Fuglesang, Calcantklokke.

Øvrige orgel I tillegg til hovudorgelet har domkyrkja tre andre orgel, desse blir kalla kororgel, korpositiv og øvingsorgel. Alle er bygd av Marcussen & Søn i 2000. Kororgelet har 15 stemmer, korpositivet 3 1/2 stemme og øvingsorgelet 7 stemmer.

Uret Over inngangen kan ein sjå eit mekanisk urverk laga kring 1500. Urskiva har 2 x 12 timar og har berre ein visar med henholdsvis sol og måneprofil. På ei hylle over sjølve urverket er figurar som røre på seg kvar heile time. Ein kan sjå Sankt Georg til hest med draken, Kirsten Kimers og Per Døver. Kvar time angrip Sankt Georg draken som på si side går i gang med å skrike. Kirsten slår deretter kvarterslag på klokka si og Per Døver slår timeslag og Kirsten Kimers riste på hovudet.Anette Kruse, side 100-102

Kirsten Kimers og Per Døver er frå tida like før år 1500, skore i tre og er måla i gilde fargar. Sankt Georg er noko eldre og kan ha høyrt til eit tidlegare altar, det har moglegvis vore satt saman med uret etter reformasjonen. Verket som driv uret er plassert i søndre tårn og har tre verk. Verket blei laga av urmakar Peter Mathiesen frå København i 1741.

Johannesfiguren I bogeopninga inn til Sankt Birgittes kapell står ein 193 cm høg treskulptur i eik. Figuren framstiller evangelisten Johannes. Han er utan skjegg og har langt hår med krøllar. Han er kledd i ein fotsid kjortel og er utan sko eller sandalar. I venstre handa held han ein kalk og med den høgre velsignar han kalken. Ved fotenden på høgre side står ein ørn på ei bok. Ørnen er Johannes` evangelistsymbol.

Figuren er frå ca. 1500 og er attribuert både Bernt Notke og Henning von der Heide. Johannes Evangelist i Roskilde Domkirke frå Altertavler.dk Registernr.: RO.01.03.04 under Roskilde Stift

Kalkmåleri mini|Kalkmåleri i Helligtrekongers kapell også kalla Christian Is kapell. Måleria viser Jesus som ber krossen på Via Dolorosa. Roskilde domkyrkje er rikt utstyrt med kalkmåleri frå fleire periodar. Kalkmåleria rundt pilarane ved høgkoret er frå 1570-åra og markerer dei eldste gravstadene i kyrkja.

I nordre del av sideskipa er det måleri frå rundt 1225 som mellom anna viser Jesus på himmeltrona.

Nokre av dei viktigaste måleria finn ein i Helligtrekongers kapell. Dei viser mellom anna Sankt Olav, Knut den heilage, Sankt Antonius, Sankt Nikolai og Sankt Kristoffer. Måleria er frå 1460-talet.

Vernehelgenar for kapellet er dei heilage tre kongar og sørveggen er vigd framstillinga av dei. På austsida kan ein sjå våpenskjolda til dei som grunnla kapellet, Kristian I og dronninga hans.

Sankt Birgittes kapell og Sankt Andreas kapell er frå mellomalderen og her er fleire kalkmåleri som er tidfesta til 1511.

Gravene Sidan reformasjonen i 1536 har alle danske kongar og nesten alle dronningane vorte gravlagde i Roskilde domkyrkje. Kyrkja inneheld ifølgje gravskriftene også nokre kongegraver frå vikingtida. Både Harald Blåtann og oldebarnet Svein Estridssons graver skal vere i to søyler i koret. Grava til Svein Estridsson har vorte opna og det er gjort DNA-analysar,Da vikingkongen i Roskilde Domkirke mistede sin mor DNA-analyse af Svend Estridsen frå Vikingmagasin men Harald Blåtann er ikkje funnen.

Det er fire kongelege gravkapell knytt til domkyrkja; Christian Is eller Helligtrekongers kapell frå ca. 1460, Christian IVs kapell frå ca. 1620, Frederik Vs kapell frå ca. 1775 og Christian IXs eller Det Glücksborgske kapell frå 1925. I tillegg kjem Frederik IXs gravplass frå 1985 som ligg utanfor sjølve domkyrkja. I tillegg til gravkapella er koret nytta som gravplass og her ligg mellom anna Margrete I.

I koret Innskrift på blykista til Margrete I Herrens år 1412 på de hellige apostles