mini|P-47D Thunderbolt Republic P-47 Thunderbolt var eit amerikansk jagarbombefly, brukt under andre verdskrigen. Det blei brukt hovudsakleg i bakkeangrep, men også i eskorteoppdrag, over tyskokkupert Frankrike, og i Stillehavet. Flyet var kjend for å vere særs solid- det tolte mange treff utan at flyet blei sett ut av spel, samtidig som det var tungt væpna, med åtte maskingevær, og fleire bomber og rakettar under kroppen og vengene. Motoren var ein 18-sylindra dobbel stjernemotor.
Kategori:Amerikanske bombefly Kategori:Amerikanske jagarfly Kategori:Fly under andre verdskrigen Kategori:Republic Aviation