Chausey er ei lita øygruppe, som geografisk er ein del av Kanaløyane, men sidan dei høyrer til Frankrike, vert dei nesten aldri nemnd i denne samanhengen. Det er ingen faste transportruter mellom Chausey og dei andre Kanaløyane.
Grande Île, den største øya, er 1,5 km lang og 0,4 km brei på det breiaste, men dette er berre toppen av ei omfattande øygruppe, som kjem til syne ved fjøre sjø. Folketalet i øygruppa er om lag 100 personar.
Chausey er ein del av den franske kommunen Granville i departementet Manche.
Dei no nedlagde steinbrota eksporterte granitt, mellom anna til bygginga av Mont Saint Michel. Sjølv om endinga -ey i namnet Chausey kan tyde på at namnet har opphav i norrønt språk (der -ey tyder øy), som Jersey og Guernsey, kjem namnet frå det latinske ordet calx, som sannsynlegvis tyder steinete stad.
Bakgrunnsstoff Offisiell side Bilete frå øygruppa Kart over Chausey i forhold til Jersey og Frankrike
Kategori:Geografi i Normandie Kategori:Øyar i Frankrike Kategori:Øyar i Kanaløyane