Trysilfjellet (1132 moh.) er eit fjell vest for Innbygda i Trysil kommune i Innlandet.

Her ligg det største skianlegget i Noreg med 31 skiheisar og 65 nedfarter på til saman 70 km. På 1100 moh. ligg den høgaste løypedel til anlegget, som har ei største fallhøgd på 685 meter.

Trysilfjellet er delt inn i 2 område, Trysil Turistsenter og Trysil Høyfjellssenter. Trysil Turistsenter ligg berre 2 km frå Trysil sentrum, og frå her kan ein ta stolheisar opp til skianlegget. Trysil Høyfjellssenter på Fagertoppen, ligg i skiområdet Fageråsen oppe på høgfjellet, 10 km frå Trysil sentrum.

Trysilfjellet ligg 210 km eller om lag 2,5 timers bilkøyring frå Oslo.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Trysilfjellet» frå , den 25. april 2008. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Trysil kommune Trysilfjellet - Noregs største skianlegg Trysil resort Diskuter Trysil på Fagertoppen Forum

Kategori:Geografi i Trysil Kategori:Fjell i Innlandet