Richard Wayne Penniman (), kjend som Little Richard, var ein amerikansk songar, låtskrivar og pianist, og var ein pioner i musikksjangeren rock and roll. Han vart fødd i Macon i Georgia, og var sterkt inspirert av gospel.

Little Richard fekk eit gjennombrot med songen «Tutti Frutti» i 1955, og følgd opp med ein serie internasjonale hittar: «Long Tall Sally», «Rip It Up», «Lucille», «Jenny Jenny», «Keep A Knockin’», «Good Golly Miss Molly», «Ooh! My Soul» og fleire andre. I Noreg var hans største hit «Baby Face» i 1957.

Han var ein av dei sju første som vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1986.

Little Richard sine første songar var ei blanding av boogie-woogie, rhythm and blues og gospel, men ofte med eit markant etterslag, funky saksofonlinjer og ru, skrikande vokal, stønn, skrik og anna. I 1957, medan karrieren var på eit toppunkt vart han andeleg gjenfødd som kristen, melde seg inn på ein bibelskule og trekte seg tilbake frå musikkindustrien.White, Charles. (2003). The Life and Times of Little Richard: The Authorised Biography. Omnibus Press. Sidan den gong via han mykje av livet sitt til dette kallet.

Little Richard har vorte hylla av mange andre artistar. James Brown kalla Little Richard idolet sitt og sa han var den første som putta funk i ein rock and roll-rytme. I High School-årboka si skreiv Bob Dylan at ambisjonen hans «var å følgje Little Richard» og i 1959 fortalde Elvis Presley om Little Richard «Your music has inspired me - you are the greatest.» Otis Redding, John Lennon, Paul McCartney, George Harrison, Ringo Starr, Mick Jagger, Keith Richards, Pete Townshend, Roger Daltry, John Fogerty, Dick Dale, Bob Seger, Jimi Hendrix, Robert Plant, Jimmy Page, Jeff Beck, Eric Clapton, David Bowie og mange andre rock n' roll-ikon har òg omtalt Little Richard som ein av dei største inspirasjonskjeldene sine. Av Rolling Stone vart han plassert på 8. plass på lista deira over dei 100 største musikkartistane gjennom tidene,, men seks av sju artistar føre han på lista er nemnd over av dei som hadde han som inspirasjonskjelde.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Little Richard» frå , den 20. september 2008. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Afroamerikanske pianistar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske pianistar Kategori:USA-amerikanske R&B-musikarar Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:Folk frå Georgia Kategori:Afroamerikanske musikarar Kategori:Little Richard Kategori:Hollywood Walk of Fame