Čiovo (italiensk Bua) er ei lita øy i Adriahavet utanfor kysten av Kroatia. Administrativt høyrer øya inn under fylket Zadar. Den vestlege delen er ein eigen landkommune Okrug, den austlege høyrer inn under bykommunen Split, medan dei sentrale delane er administrert av bykommunen Trogir.
Øya har eit areal på 28,8 km² (lengd 15,3 km, breidd opp til 3,5 km).Statistisk årbok 2006 for Kroatia Den høgaste toppen på øya er 218 m (Rudine, italiensk Monte Bua). I løpet av eit år fell det normalt 900 mm nedbør her.
Čiovo ligg sentralt i Dalmatia, og vernar byen Trogir og Kaštelabukta. Bortsett frå Trogir ligg det fleire landsbyar på øya: Arbanija (italiensk Arbania), Žedno (Nogaro), Okrug Gornji (Cerchio Superiore), Okrug Donji (Cerchio Inferiore), Slatine (Arona) og den fråflytta Prizidnica (Bua).
Vegetasjonen er typisk for Middelhavet, og består stort sett av krattvegetasjon (steineik, myrt, burot, einer osv.). På nordsida (som er utsett for boravinden) er det skog av furu og sypress. Det er rikt jordbruk på øya, og det vert dyrka oliven, fiken, mandel, vin og sitrusfrukter.
Historie I mellomalderen hadde Čiovo mange landsbyar og var ein stad for spedalske. Ein har funne spor av den før-romanske kyrkja av St. Peter nær Slatine. Mellomalderkyrkja St. Mavro og den før-romanske kyrkja Jomfru Maria nær sjøen (Gospa pokraj mora) er bevart i Žedno. Folketalet auka på Čiovo auka på 1400-talet då flyktningar flykta frå ottomanarane.
Folketal Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane, fordelt på kommunane, var:
Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Del av Split kommune 995 1 106 924 Del av Trogir kommune 1 412 1 453 1 338 Okrug kommune 2 980 3 349 2 995 Øya Čiovo 5 387 5 908 5 257
Busetnadene på øya var:
Kommune Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Okrug Gornji Okrug 2 767 3 081 2 760 Split 995 1 106 924 Trogir 932 947 837 Trogir 370 374 349 Okrug 213 268 235 Trogir 110 132 152
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Čiovo» frå , den 11. mars 2007.
Referansar
Ciovo