Dugi Otok (kroatisk for «Lang øy») er ei øy i Adriahavet utanfor kysten av Kroatia. Ho ligg utanfor Dalmatia, vest for Zadar. Administrativt høyrer øya inn under kommunen Sali i fylket Zadar. Kommunen omfattar òg nokre småøyar ikring, der Zverinac er den einaste busette.

Ho er den største og austlegaste av Dei zadariske øyane, og har fått namnet sitt frå den karakteristiske forma (ho er 45 km lang og 5 km brei). Det høgaste punktet strekkjer seg opp mot 300 meter, og mange av dei høgareliggande områda er dekte av strandfuru. Vestkysten er høg og kupert, og mange av landsbyane ligg tett i tett på austsida. Desse er mellom anna Sali, den største, og Božava, Dragove, Soline, Brbinj, Luka, Polje, Verona, Savar, Veli Rat, Zaglav og Žman. Ein naturpark, Telašćica dekkjer den sørlege delen av øya, og ligg ved sida av nasjonalparken Kornati. I landsbyen Veli Rat ligg det eit flott fyr.

Fiske er ein av hovudnæringane her, men før i tida vart det òg produsert salt. Den vakre øya med middelhavsklima og italiensk kultur får få turistar. Olivenolje, fiken, ost og vin i lag med sjømat utgjer ein stor del av dietten til dei fastbuande. Det ligg fleire romerske ruinar på øya.

Folketal Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane var:

Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Dugi Otok 1 772 1 666 1 691

Merknader

Kjelder Referansar

Kategori:Øyar i Kroatia