Dubai () er den største byen i Dei sameinte arabiske emirata (UAE). Han ligg på søraustkysten av Persiabukta og er eit av dei sju emirata som utgjer landet. Abu Dhabi og Dubai er dei einaste to emirata som har vetomakt i viktige nasjonale saker.The Government and Politics of the Middle East and North Africa. D Long, B Reich. s. 157 Byen Dubai ligg på nordkysten av emiratet i Dubai-Sharjah-Ajman storbyområde.

Dubai har utvikla seg til å bli ein global by og storsenter for forretningar i Midtausten. Han er òg eit stort transportknutepunkt for passasjerar og varer. I 1960-åra var økonomien i Dubai basert på handel, og til ein viss grad, oljekonsesjonar, men det vart ikkje oppdaga olje før i 1966. Oljeinntektene byrja først å strøyme inn i 1969. Oljeinntektene sette i gang den første utviklinga av byen, men reservane var små og produksjonsnivået lågt, så i dag kjem mindre enn 5 % av inntektene i emiratet frå olje. Den vestlege forretningsmodellen i emiratet driv økonomien og dei største inntektene er no turisme, luftfart, eigedom og finanstenester.Oil share dips in Dubai BNP AMEInfo (9. juni 2007) Henta 7. juni 2016.Dubai economy set to treble by 2015 ArabianBusiness.com (3. februar 2007) Henta 7. juni 2016. Dubai har fått mykje merksemd i verda gjennom nyskapande, store byggeprosjekt og idrettsarrangement. Byen har blitt symbolsk for skyskraparane sine, særleg den høgaste bygningen i verda, Burj Khalifa. Dubai har blitt kritisert for brot på menneskerettar, særleg mot den sørasiatiske arbeidsstyrken i landet.Mike Davis (2006) Fear and Money in Dubai, New Left Review 41, s. 47–68 Eigedomsmarknaden i Dubai opplevde eit fall i 2008-2009 etter finanskrisa i 2007–2008, men økonomien i emiratet er igjen i vekst og går sidan 2015 med overskot.

I 2012 var Dubai den 22. dyraste byen i verda og den dyraste i Midtausten. I 2014 var hotellrom i Dubai rangert som dei nest dyraste i verda, etter Geneve. Dubai var rangert som den beste staden å bu i Midtausten av det amerikanske globale rådgjevingsselskapet Mercer.

Namnesoge Det er mange teoriar om opphavet til ordet Dubai. Ein teori er at ordet vart nytta til å skildre marknaden, souq, som likna på marknaden i Ba. Ein annan teori er at namnet kjem frå ordet for «pengar», sidan folk frå Dubai vart rekna som rike. Eit arabisk ordtak er «Daba Dubai» (arabisk دبا دبي), som tyder ‘Dei kom med mykje pengar.’ I følgje Fedel Handhal, ein emiratarabisk historikar, kan ordet Dubai ha kome frå ordet daba (arabisk دبا) (fortid av yadub (arabisk يدب), som tyder «å krype»), som viser til den langsame straumen i Dubaivika inn i landet. Forskaren Ahmad Mohammad Obaid meiner ordet kjem frå ein ‘ung grashoppe’ (arabisk جراد) på grunn av mange grashopper i området før det vart utbygd.

Historie Sjølv om ein har funne mange steinreiskapar i arkeologiske undersøkingar, kjenner ein lite til dei første innbyggjarane i Emirata, sidan ein berre har funne få busetnader. Mange gamle byar i området var handelssenter mellom den austlege og vestlege verda. Restane av ein eldgammal mangrovesump er datert til 7000 fvt. og vart oppdaga under bygginga av kloakkrøyr i Dubai. Området vart dekt av sand kring 5 000 år sidan då kysten trekte seg innover, og vart ein del av dagens kystlinje. Ein har funne førislamsk keramikk frå 200- og 300-talet. Før islam vart innført i området, dyrka folket i regionen Bajir (eller Bajar). Etter islam kom til området, invaderte kalifane frå omajadane området søraust i Arabia, og dreiv bort sassanidane. Utgravingar gjort av Dubai museum i regionen kring Al-Jumayra (Jumeirah) fann fleire lekamar frå omajadane.

Den tidlegaste kjelda som nemner Dubai er frå 1095 i Geografibok av den andalusisk-arabiske geografen Abu Abdullah al-Bakri. Den venetianske perlehandlaren Gaspero Balbi vitja området i 1580 og nemner Dubai (Dibei) for perleindustrien sin.

Ein trur Dubai vart grunnlagd som ein fiskelandsby tidleg på 1700-talet og var innan 1822 ein by med 7-800 innbyggjarar frå Baniyas-stamma og underlagt styret til sjeik Tahnoon av Abu Dhabi.

Etter stammestridar i 1833, kutta medlemmar av Al Bu Falasa banda til Abu Dhabi og etablerte seg sjølv i Dubai. Utvandringa frå Abu Dhabi var leia av Ubaid bin Saeed og Maktum bin Butti som leia Dubai i lag fram til Ubaid døydde i 1836, og Maktum grunnla Maktoum-dynastiet.

Dubai signerte ein avtale i lag med resten av Traktatstatane med Storbritannia, som tok ansvaret for tryggleiken til emiratet i 1892.

To katastrofar råka byen på 1800-talet. I 1841 braut det ut ein kopparepidemi i Bur Dubai, og tvang innbyggjarane til å flytte aust til Deira. I 1894 braut det ut brann i Deira og dei fleste husa brann ned. Den geografiske plasseringa til byen fortsette å trekkje til seg kjøpmenn frå heile regionen. Emiren av Dubai ønskte å trekkje til seg utanlandske kjøpmenn og senka skattane. Dette trekte til seg kjøpmenn frå Sharjah og Bandar Lengeh, og byen vart eit av handelssentera i regionen på den tida. Persiske kjøpmenn kryssa Persiabukta og slo seg etter kvart ned i Dubai. Dei fortsette å handle med Lingah, og dei kalla bydelen sin Bastakiya, etter Bastak-regionen sør i Persia.Davidson, Christopher, The Emirates of Abu Dhabi and Dubai: Contrasting Roles in the International System. March 2007.

Dubai før olja Dubai ligg nær Iran og gjorde han til ein viktig handelsstad. Byen Dubai var ein viktig hamneby for utanlandske kjøpmenn, hovudsakleg dei frå Iran, og mange slo seg etter kvart ned i byen. På byrjinga av 1900-talet var Dubai blitt ein viktig hamneby."Dubayy". Encyclopædia Britannica. 2008

Dubai var kjend for eksport av perler fram til 1930-åra. Perlehandelen vart øydelagd under den store depresjonen i 1930-åra og oppfinninga av kulturperler. Då perleindustrien kollapsa, vart det store økonomiske vanskar i Dubai og mange innbyggjarar svelta eller flytta til andre stader i Persiabukta. mini|Al Ras-distriktet i Deira i Dubai i 1960-åra.

Sidan tidlege tider rivaliserte Dubai alltid med Abu Dhabi. I 1947 oppstod det ein grensestrid mellom Dubai og Abu Dhabi i nord, og det eskalerte til krig. Britane gjekk gjennom og skapte ei buffergrense som gjekk søraustover frå kysten ved Ras Hasian og dette stoppa fiendskapen for ei stund.The Middle East and Nord-Afrika. Schofield, C. p 175

Trass i mangel på olje, brukte regenten i Dubai frå 1948, sjeik Rashid bin Saeed Al Maktoum, inntekter frå handelsverksemda til å byggje infrastruktur. Det vart utbygd elektrisitet, telefon og ein flyplass i Dubai i 1950-åra, og i 1959 vart det første hotellet i emiratet, Airlines Hotel, bygd. Dette vart følgd opp av Ambassador og Carlton Hotel i 1968.

Den 7. april 1961 var den Dubai-baserte MV «Dara», eit 5000 tonn stort britisk fartøy, som segla mellom Basra (Irak), Kuwait og Bombay (India), ute i uvanleg hardt vêr utafor Dubai. Tidleg neste morgon i tung sjø utafor Umm Al Qawain vart det ein eksplosjon i andreklasse-lugarane og det starta brannar. Kapteinen gav ordre om å foralte skipet men to livbåtar kvelva og det oppstod ein ny eksplosjon på båten. Ein flotilje av småbåtar frå Dubai, Sharjah, Ajman og Umm Al Qawain plukka opp overlevande, men i alt 238 menneske mista livet.

Den asfalterte rullebanen vart bygd i 1965, og opna Dubai for både regional og internasjonal trafikk. I 1970 vart det bygd ein ny terminalbygning med den første tax free-butikken i Dubai.

Oljetida Fleire år etter det vart funne olje i naboemiratet Abu Dhabi, vart det oppdaga olje i farvatnet utafor Dubai i 1966, men i mindre mengder. Det første feltet fekk namnet Fateh eller «god lagnad». Dette førte til at emiratet gav ut konsesjonar til internasjonale oljeselskap, og dette sette i gang ein massiv innvandring av utanlandske arbeidarar, særleg indarar og pakistanarar. Mellom 1968 og 1975 tredobla folketalet seg i byen.

Ein del av infrastrukturen for å pumpe og transportere olje frå Fateh-feltet, som ligg utafor kysten i Jebel Ali-området i Dubai, var store lagringstankar, som lokalt vart kalla «kazzans». Desse vart sveiste saman på stranda og så grov ein dei ut og flaut dei ut, før dei slapp dei ned på havbotnen på Fateh-feltet. Desse vart bygde av Chicago Bridge and Iron Company, som gav stranda det lokale namnet (Chicago Beach) fram til Chicago Beach Hotel vart rive ned og erstatta av Jumeirah Beach Hotel i 1997.

Dubai hadde alt byrja å utvikle infrastrukturen sin og utvide byen. Oljeinntektene, som byrja å kome i 1969, støtta ein vekstperiode der sjeik Rashid fokuserte på infrastruktur og å diversifisere handelsøkonomien før dei avgrensa oljeressursane til emiratet gjekk tom. Olja stod for 24 % av BNP i 1990, men var redusert til 7 % av BNP i 2004.

Noko av dei første store prosjekta sjeik Rashid sette i gang då oljeinntektene kom, var å byggje Port Rashid, ei djupvasshamn og frihamn, bygd av britiske Halcrow. Prosjektet vart ein eineståande suksess, og skipa stod i kø inn til det nye anlegget. Hamna vart innvigd den 5. oktober 1972. Port Rashid vart vidare utvida i 1975 med ytterlegar 35 kaiplassar, i tillegg til dei 16 som var der frå før, før den større hamna i Jebel Ali vart bygd.

Port Rashid var det første steget i å skape ein moderne infrastruktur for handel, inkludert vegar, bruer, skular og sjukehus.

Dei sameinte arabiske emirata Dubai og dei andre Traktatstatane hadde lenge vore eit britisk proktektorat der britane tok seg av utanrikspolitikken og forsvaret, i tillegg til å mekle mellom regentane i emirata. Dette endra seg då statsminister Harold Wilson den 16. januar 1968 annonserte at alle britiske soldatar skulle trekke seg ut av området.

Den 2. desember 1971 gjekk Dubai saman med Abu Dhabi, Sharjah, Ajman, Umm Al Qawain og Fujairah og danna Dei sameinte arabiske emirata. Det sjuande emiratet, Ras Al Khaimah, kom med i unionen den 10. februar 1972, etter at nabolandet Iran hadde annektert Tunb-øyane, som tidlegare hadde høyrt til emiratet.

Moderne Dubai I 1970-åra fortsette veksten i Dubai med inntekter frå olje og handel. Grensestridane mellom emirata fortsette sjølv etter unionen var oppretta, men i 1979 vart dei endelege grensene fastsette.Dubai. Carter, T and Dunston, L. Lonely Planet Publications Jebel Ali-hamna vart grunnlagd i 1979. JAFZA (Jebel Ali frisone) vart bygd kring hamna i 1985 og gav utanlandske selskap uavgrensa import av arbeidskraft og eksportkapital.

Golfkrigen i 1990 hadde ein negativ økonomisk effekt på byen, sidan innskyttarar trekte pengane sine ut og handelsfolk slutta å handle. Byen kom seg raskt att og blømde. Seint i 1990-åra flytta mange utanlandske handelsselskap, først frå Kuwait under Golfkrigen, og sidan Bahrain, under sjiaopprøret, til Dubai. Dubai var forsyningsbase for allierte styrkar ved Jebel Ali frisone under Golfkrigen, og igjen under invasjonen av Irak i 2003. Auken i oljeprisane etter Golfkrigen gjorde at Dubai framleis kunne fokusere på frihandel og turisme.

Geografi mini|Denne videoen syner veksten i Dubai frå 2000 til 2011. mini|Bykart over Dubai mini|Dubai-Sharjah-Ajman storbyområde om kvelden.

Dubai ligg ved Persiabukta i Dei sameinte arabiske emirata, omtrent 16 meter over havet. Emiratet Dubai deler grense med Abu Dhabi i sør, Sharjah i nordaust og sultanatet Oman i søraust. Hatta, er ein mindre eksklave i emiratet, som grensa til Oman på tre sider og emirata Ajman (i vest) og Ras Al Khaimah (i nord). Persiabukta ligg på vestkysten av emiratet.

Dubai ligg innafor Den arabiske ørkenen, men topografien skil seg frå den sørlege delen av landet, og mykje av landskapet i Dubai består av flekkar av sandørken, medan grusørkenar dominerer mykje av landet elles.Environmental Development and Protection in the UAE . Aspinall, Simon Sanden består hovudsakleg av kunste skjel og korallar og er fin, rein og kvit. Aust for byen ligg det saltsletter eller sabkha, som går over i sanddyner. Lenger aust vert sanddynene større og er farga raud av jernoksid.