mini|Grorud kyrkje Groruddalen prosti, til 2018 kalla Østre Aker prosti, er eit tenestedistrikt i Oslo bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner Groruddalen. Prosten har sete på Grorud.
Historie Prostiet vart oppretta som Østre Aker prosti i 1972 og bestod ved skipinga av prestegjelda Nordstrand, Bekkelaget, Manglerud, Lambertseter, Oppsal, Østre Aker, Bøler, Tveten (seinare kalla Haugerud), Høybråten, Stovner og Fossum. Frå 1984 bestod prostiet av prestegjelda Østre Aker, Bredtvedt, Grorud, Rødtvet, Stovner, Fossum, Høybråten, Furuset, Haugerud og Oppsal. Då hadde Nordstrand, Bekkelaget, Manglerud, Lambertseter og Bøler vortne overførte til det nyoppretta Søndre Aker prosti.
Omorganisering i 2013 I 2013 vart prostiet omorganisert for å betre utnytte resursane og dekkje behova. Fleire sokn var slegne saman; Bredtvet, Grorud, Romsås og Rødtvet vart slege saman til eitt sokn som fekk namnet Grorud sokn. Det vart òg vedteke å selje eller leige ut Bredtvet kyrkje. Østre Aker sokn og Haugerud sokn vart slegne saman til eitt sokn med namnet Østre Aker og Haugerud sokn. Ellingsrud sokn og Furuset sokn vart slegne saman til Ellingsrud og Furuset sokn og Høybråten sokn, Fossum sokn og Stovner sokn vart slegne saman til Høybråten, Fossum og Stovner sokn. Prostesetet vart flytt frå Østre Aker til Grorud. Det einaste av sokna som ikkje vart endra var Tonsen sokn.
Sokn i Østre Aker-Groruddalen prosti Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom Oslo kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.
Sokn Kyrkje(r) Kyrkjeleg fellesrådEllingsrud og Furuset sokn Ellingsrud kyrkjeFuruset kyrkje OsloGrorud sokn Bredtvet kyrkje (leigd ut)Grorud kyrkjeRomsås kyrkjeRødtvet kyrkje OsloHøybråten, Fossum og Stovner sokn Fossum kyrkjeHøybråten kyrkjeStovner kyrkje OsloTonsen sokn Tonsen kyrkje OsloØstre Aker og Haugerud sokn Haugerud kyrkjeØstre Aker kyrkje Oslo
Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune Kyrkjer i Noreg etter prosti Prosti i Den norske kyrkja
Referansar
Bakgrunnsstoff Prostiliste for Oslo bispedømme på nettstaden til Den norske kyrkja
Kategori:Oslo bispedømme Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Skipingar i 1972