mini|Asker kyrkje Asker prosti er eit tenestedistrikt i Oslo bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner Asker kommune og prosten har sete i Asker.

Historie Prostiet vart oppretta i 1869. Det bestod frå starten av prestegjelda Vestre Aker og Østre Aker skilt ut frå Oslo Domprosti (då Christiania domprosti), og Asker, Hurum, Lier og Røyken frå Drammen prosti.

Tidslinje 1869 - Prostiet vart oppretta. Femnde frå starten prestegjelda Asker, Hurum, Lier, Røyken, Vestre Aker og Østre Aker. 1894 - Østre Bærum og Vestre Bærum vart skilt ut frå Asker prestegjeld som eigen prestegjeld. 1947 - Hurum, Asker, Lier og Røyken vart overført til Drammen prosti og Vestre Aker og Østre Aker vart del av Oslo Domprosti att. 1961 - Namnet vart endra til Asker og Bærum prosti. 1968 - Holmen prestegjeld og sokn vart skilt ut frå Asker prestegjeld sokn. 1975 - Østenstad prestegjeld og sokn vart skilt ut frå Asker prestegjeld og sokn. 2000 - Vardåsen sokn vart skilt ut frå Asker sokn. 2002 - Prostiet vart delt i to; Asker prosti og Bærum prosti. 2004 - Den norske kyrkja byrja fase ut prestegjeldsordninga. 2020 - Hurum og Røyken vart del av Asker kommune og Asker prosti.

Sokn Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom Asker kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Sokn Kyrkje Kyrkjeleg fellesrådAsker sokn Asker kyrkje AskerHeggedal sokn Heggedal kyrkje AskerHolmen sokn i Asker Holmen kyrkje i Asker AskerNordre Hurum soknHurum kyrkje Kongsdelene kyrkjeAskerRøyken soknRøyken kyrkje Spikkestad kyrkjeAskerSlemmestad og Nærsnes soknNærsnes kyrkje Slemmestad kapell Slemmestad kyrkjeAskerSøndre Hurum soknFiltvet kyrkje Holmsbu kyrkjeAskerVardåsen sokn Vardåsen kyrkje AskerØstenstad soknØstenstad kyrkje AskerÅros soknÅros kyrkjeAsker

Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune Kyrkjer i Noreg etter prosti Prosti i Den norske kyrkja

Referansar

Bakgrunnsstoff Prostiliste for Oslo bispedøme på nettstaden til Den norske kyrkja

Kategori:Skipingar i 1869