Peter Lüscher () er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Romanshorn i Thurgau-kantonen som i 1979 vann verdscupen i alpine greiner.

Lüscher vann i tida frå desember 1978 til februar 1983 seks enkelt-tevlingar i verdscupen. Han sigra i tre kombinasjonar, eitt slalåmrenn, eitt utforrenn og ei super-g-tevling.

I 1979 vart Lüscher kåra til vinnar av den totale verdscupen, trass i at han berre kunne vise til tre sigrar i turneringa, medan den suverene verdseinaren i alpin skiidrett, Ingemar Stenmark, vann heile 13 enkeltrenn den sesongen. Lüscher drog nytte av eit poengsystem som gav utøvarar som deltok i alle fire greinene/tevlingane større poengutbytte enn det spesialistar kunne oppnå.

I 1982 kom Lüscher på sølvplassen i kombinasjonen under verdsmeisterskapen i Schladming.

Han er gift med den franske skirennaren Fabienne Serrat.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Peter Lüscher» frå , den 12. oktober 2026.

Kategori:Sveitsiske alpinistar