Karen Putzer () er ein italiensk tidlegare skirennar frå Nova Levante i Trentino-Alto Adige.
Karriere Putzer sigra i tida frå desember 1999 til januar 2007 i åtte enkeltrenn i verdscupen i alpine greiner, likt fordelt super-g og utforrenn. Mellom anna vann ho begge desse øvingane i Hafjell i mars 2003. 2003-sesongen enda ho elles på andreplass i verdscupen, bakom Janica Kostelić frå Kroatia.
Åra frå 1998 til 2009 deltok Putzer i samtlege tre olympiske vinterleikar og i alle dei seks alpine verdsmeisterskapane. Under VM i alpine greiner 2001 i St. Anton vann ho sølv i storslalåm og bronse i kombinasjonen. Året etter rende ho i mål til bronsemedalje i super-g då Vinter-OL 2002 vart avvikla i USA.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Karen Putzer» frå , den 12. oktober 2026.
Kategori:Italienske alpinistar