Blansko okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Sør-Mähren i Tsjekkia. Det ligg nord i regionen og grensar i vest mot Vysočina kraj, i nord mot Pardubice kraj og i aust mot Olomouc kraj.
Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).
Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Blansko okres:
Blansko SO Boskovice SO
Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Blansko SO 53 805 55 152 56 023 Boskovice SO 50 296 50 556 51 204 Blansko okres 104 101 105 708 107 227
Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Blansko 19 900 Boskovice 11 919 Letovice 6 604 Adamov 4 446 Rájec-Jestřebí 3 605 Velké Opatovice 3 464 Kunštát 2 734 Olešnice 1 609
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Blansko Blansko