Einar Hedegart () er ein norsk langrennar og skiskyttar frå Inderøy i Nord-Trøndelag som under Vinter-OL 2026 i Italia vann to gullmedaljar og ein bronsemedalje i langrenn. Han vann vekslingsstafetten i par med Johannes Klæbo og gjekk den tredje etappen for det sigerrike mannskapet i 4 x 7,5 km stafett, individuelt la han beslag på tredjeplassen på 10 kilometer. Vintersesongen 2025/26 sigra Hedegart i tre enkeltrenn i Verdscupen i langrenn.
Hedegart vart i 2025 noregsmeister i fellesstarten ved NM i skiskyting på Stiklestad, slo Johan-Olav Botn i innspurten. Året etter vart Hedegart noregsmeister i 10 km langrenn under meisterskapen på Steinkjer.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Einar Hedegart» frå , den 3. oktober 2026.
FIS-profil IBU-profil
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske skiskyttarar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg