Anakondaer (Eunectes) er ei biologisk slekt av kvelarslangar som tilhøyrer boafamilien. Slekta omfattar éin utdøydd art og fire nolevande godtatte artar, dei fleste med ei total lengd frå to til tolv meter. Desse slangane er kjende under mange lokale namn, men det vanlegaste namn er anakonda. Det vitskaplege namnet, Eunectes, stammar frå det greske ordet eunikos, som betyr «god symjar».

Føde Dei fire anakondaartane er akvatiske og trelevande slangar som hovudsakleg lever av fisk, kaimanar, aper, flodsvin og vassfuglar slik som ender. Sjølv om det også finst registreringar av angrep på husdyr og jaguar, kan sistnemnde ha våga seg for nær territoriet til slangen.

Artsoversyn Artsnamn Autor Bilete UtbreiingBenianakondaE. beniensisDirksen, 1968200px|centerDepartementa Beni og Pando i BoliviaSvartflekka anakondaE. deschauenseeiDunn & Conant, 1936200px|center120px|centerGrøn anakondaE. murinus(Linné, 1758) 200px|center120px|centerGul anakondaE. notaeusCope, 1862 200px|centerAustre Bolivia, Sentral- og Sør-Brasil, Paraguay, Nordaust-Argentina og Nordvest-Uruguay.

Kjelder

Denne artikkelen er ei omsetjing av artikkelen «Eunectes» frå , den 1. oktober 2026

Bakgrunnsstoff

Kategori:Reptil i Sør-Amerika