Francesco Bianchi () var ein italiensk komponist frå Cremona.

Bianchi blei cembalist ved den italienske operaen i Paris i 1775. I 1785 blei han organist ved Markuskyrkja i Venezia, og i 1792 blei han kapellmeister ved King's Theatre i London. Han var leiar for teater i Dublin mellom 1798 og 1802, og budde elles hovudsakleg i eller nær London resten av livet sitt. Han vitja av og til kontinentet, hovudsakleg Paris, fram til 1807.

Han skreiv to oratorium, Joas og Agar, og meir enn 30 operaer, blant anna La villanella rapita (svensk Den bortförda fästmön, framført i Stockholm 1802, men berre delvis med Bianchi-musikk).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Francesco Bianchi» frå , den 2. oktober 2026. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Cremona Kategori:Italienske organistar Kategori:Komponistar frå 1700-talet