Helleristingane på Evenhus er eit helleristingsfelt med 100 figurar i Frosta kommune i Trøndelag. Blant figurane er det 40 båtar, 22 hjortedyr og 11 kvalar. Denne samansetjinga av ulike artar speglar fangstlivet på sjø og land på staden.
I Trøndelag møter dei nordlege veideristingane dei sørlege jordbruksristingane kvarandre i dei same landskapa. Dei kan finnast i same område og i sjeldne tilfelle på same bergflate. Evenhus er ein av desse stadene. Her er skålgroper, ringar og ein båt frå bronsealderen sin bilettradisjon rissa inn over dei eldre veideristningane.Helleristninger; kulturminna.no – blogg fra Trøndelag fylkeskommune; 8.5.2018
Feltet ligg 23 meter over havet, og med tanke på landhevinga er feltet derfor forholdsvis ungt til å vere veideristingar. Helleristingane vart oppdaga i 1918.
Staden og funnet miniatyr|upright|venstre|Sjødyra som er avbilda, er truleg niser. Bergkunstfeltet ligg 23 meter over havet. Det er spreidd på fleire flater som ligg i eit område på 20 × 60 meter like aust for garden Evenhus og ungdomshuset Solvang, som stod ferdig i 1960. Dei første ristingane som vart oppdaga, to elgfigurar, ligg i dag berre nokre meter frå ungdomshuset. Etter kvart vart det funne fleire delfelt og flater. Professor Gutorm Gjessing skildra i alt 82 figurar i 1936, medan ein i dag reknar med omkring 100 figurar.Helleristninger Evenhus; visitfrosta.no
På grunn av landhevinga rundt Trondheimsfjorden dukka området med ristingsberga opp av havet omkring 1800–1200 f.Kr. Bergkunstforskaren Heidrun Stebergløkken meiner at feltet ikkje kan vere eldre enn frå 1300 f.Kr., det vil seie eldre bronsealder.Heidrun Stebergløkken. Bergkunstens gestalter, typer og stiler : en metodisk og empirisk tilnærming til veidekunstens konstruksjonsmåter i et midtnorsk perspektiv. Doktoravhandling NTNU, 2016. (pdf) Dette gjer Evenhusfeltet til eit av dei yngste felta med veideristingar.
Den ytste delen av Frostaneset, med Valberg og Evenhus, utgjorde då ei øy som var skild frå resten av Frosta med eit grunt sund. Øya som Frostaneset då utgjorde, var synleg frå begge sider av Trondheimsfjorden. Bergkunstfeltet må ha vore iaugefallande, og var truleg ein eigna samlingsstad. I dag ligg ristingane 750 meter frå sjøen, men det er vanleg å førestille seg at dei låg i strandkanten då dei vart laga og tente funksjonen sin.
Ein spydspiss av skifer vart funnen i 1872 på garden Valberg, i nærleiken av bergkunstfeltet.T955: Spydspiss; NTNU Vitenskapsmuseet, Samlinger på nett Spydodden og spydet kan ha vore eigna til jakt på nise.
Dei første helleristingane her vart oppdaga av journalisten Johan Vinge i mai 1918,Helleristningsfeltet ved Evenhus ; frosta-historielag.no og kort tid etter kartlagde av Theodor Petersen frå Vitskapsmuseet. Han var i 1920-åra praktisk talt åleine om å dokumentere bergkunst i Noreg.Sognnes 2011 Den første dokumentasjonen var avisintervju med Petersen. Seinare presenterte Petersen Evenhus-feltet i ein artikkel i tidsskriftet Naturen og på nordiske arkeologkonferansar i København og Helsingfors.Petersen 1920 og 1926
Etter Petersen tok Gutorm Gjessing over arbeidet med bergkunst. Han besøkte Frosta i 1935 og gav ut den første samla presentasjonen av Evenhus i boka si Nordenfjelske ristninger (1936).Gjessing 1936 Gustaf Hallström skildra Evenhus i boka si Monumental art of northern Europé from the stone age. 1. The Norwegian localities (1938), men hadde ikkje besøkt staden og bygde på dokumentasjonen til Gjessing.
Etter Gjessing/Hallström er professor Kalle Sognnes sin artikkel frå 2011 den neste oversiktsartikkelen om Evenhus. Til saman er helleristingane på Evenhus omtala i meir enn 60 bøker og artiklar.
Skildring av figurane mini|Hovudfeltet. miniatyr|Tre heilt utvikla hjortedyr. mini|Ein bronsealderbåt (figur 3). Hovudfeltet og tre andre mindre flater med ristingar ligg på ulike sider av ein kalottforma berghammar. Fire andre, mindre flater med ristingar ligg på separate svaberg 6–10 meter frå hovudfeltet.
Hovudfeltet ligg på ei vestvend bergflate på 8 × 3 meter med 20° helling. Det omfattar over femti figurar.Kjell Brevik: Blant båter, kvaler og elger på Evenhus; Digitalt museum / Bergkunstmuseet, 15. oktober 2014 Sognnes skriv at «På de aller fleste helleristningsfelt i Trøndelag er de enkelte figurene plassert pent ved siden av hverandre, men på dette feltet er figurene delvis plassert oppå hverandre og gir et heller forvirrende inntrykk.»
Hovudfeltet er dominert av båtar og kvalfigurar. Dei verkar tilfeldig plasserte på berget, med to unntak. To små kvalar er plasserte inne i kvar sin båt, og i ein av båtane er det òg eit menneske. Den største av båtane på hovudfeltet er 1,2 m mellom stamnane. Stamnane er 18 og 52 cm høge, medan den største høgda på skroget er 27 cm. Andre båtar er mellom 80 og 90 cm lange. Dei fleste av kvalfigurane er niser, men ein av figurane er identifisert som ein spekkhoggar. Spekkhoggaren er 2 m lang og 57 cm høg. Den største av nisene er 133 cm lang og 57 cm høg. Den største elgfiguren midt på hovudfeltet er 114 cm lang og 79 cm på det høgaste.
På same måte som hovudfeltet inneheld også sidefelta ei blanding av hjortedyr, sjødyr og båtar. På ei bergflate nær samfunnshuset finst tre heilt utvikla hjortedyr. Desse tre er blant dei mest kjende figurane frå Evenhus, skreiv Gjessing i 1936.
Gjessing finn båtar både av «bronsealdertypen» og «steinaldertypen» på Evenhus. Han peikar på at stamnane er utsvinga og høgare enn skroget, og at dei synlege spanta gjer at det truleg er snakk om skinnbåtar. Kjell Brevik skriv at «Evenhus er av stor betydning for vår forståelse av båtteknologien i de eldste tider. Sammen med de beskrevne dyrefigurene på hovedfeltet opptrer nemlig hele 28 mer eller mindre fullstendige båtfigurer», og at «[f]lere detaljer som er fremhevet på noen av båtfigurene på Evenhus gir oss fornemmelsen av det er tale om skinnbåter der behandlet dyreskinn er trukket over et skjelett av tre.»
Skroget på Evenhus-typen er rektangulært med korte stamnar som berre så vidt løftar seg over skroget med to parallelle liner. Inne i sjølve skroget kan det somme tider vere eit par loddrette liner og sjeldnare nokre vassrette. Dette kan vere tekniske detaljar ved båttypen, til dømes skott.
Dei fleste båtane på feltet er av steinaldertypen. På flata nærast samfunnshuset finst det likevel restar av ein båt «av sikker bronsealdertype».
Oversyn og tolkingar upright|miniatyr|I «Evenhus-stilen» er dyrefigurane stiliserte og ikkje-naturalistiske. Samansetjinga av ulike artar sjødyr og landdyr som finst på dette feltet, speglar fangstlivet på sjø og land på staden.
Professor Anders Hagen meiner at nokre av båtfigurane på Evenhus kan sjåast som ein serie konstruksjonsskisser av båtar som må ha vore i bruk i området. Hagen oppfattar dei som skinnbåtar med firkanta skrog og rette stamnar. Professor Einar Østmo oppfattar også båtane som skinnbåtar.
Professor Kalle Sognnes bruker uttrykket «Evenhus-stilen» for å skildre den vanlegaste stilgruppa av dyrefigurar i mellomnorsk bergkunst.Sognnes 1999 Stilen er kjenneteikna av stiliserte, ikkje-naturalistiske dyrefigurar som er mykje mindre enn naturleg storleik. I denne stilen er det heller ikkje skravert eller fylt inn i dyrekroppen innanfor konturlinene. Hjortedyra på Evenhus er hogne eller teikna med hovudet og kroppen i éi line, og med øyra og beina lagde til etterpå. Teiknaren var «lite interessert i frambein».Sognnes 2009
Sognnes meiner at ristingane delvis, men ikkje fullt ut, kan forståast som eit uttrykk for ein sjamanistisk praksis. Sognnes meiner vidare at totemisme kan vere ein forklaringsmodell; dette at ei gruppe menneske oppfattar ein slektskap mellom gruppa si og bestemte dyreartar. På Evenhus-feltet kan det sjå ut som om den største elgen på hovudfeltet er den eldste figuren, og at mindre sjødyr og hjortedyr er plasserte i dialog med, og i forhold til, denne.Sognnes nemner også at dei to store kvalfigurane øvst på hovudfeltet kan vera eit alternativt startpunkt. Sjødyr og hjortedyr kan tenkjast å ha representert to ulike klanar som møttest på denne staden for felles seremoniar. Fuglefigurar som finst på andre bergkunstfelt i Trøndelag, kan ha representert ein tredje klan.
Båtfigurane på feltet er derimot teikna inn på berget utan å ta omsyn til dei andre figurane. Dette gjeld både her og i endå sterkare grad på Bardalfeltet lenger nord i Trondheimsfjorden. Båtfigurane på Evenhus kan vere eit tredje totem som representerer ein tredje klan. Eller det kan vere «bronsealderens helleristere som demonstrativt har laget sine ristninger på et berg […] uten å ta hensyn til det eldre skiktet av ristninger.»
Førsteamanuensis og arkeolog Heidrun Stebergløkken siterer Britta Lindgren, som har peika på at det ikkje er samsvar mellom dei motiva som finst på veideristingane, og det ein veit om kosthaldet i steinalderen.Stebergløkken 2010Britta Lindgren. «Kosmogoni och verklighet». I: Tidsspår. Hembygdsbok för Ångermanland och Medelpad 2001/2002. Side 43–81 Stebergløkken finn ei tvetydigheit i bergkunstmotiva som kan vere ein nøkkel til å forstå den sosiale og rituelle bruken av bergkunstfelta i fortida. Møtet mellom motsetnadene sjø og land kan ha vore meiningsberande. Stebergløkken peikar også på at mange av dei strandnære bergkunstfelta kan vere vanskelege å sjå frå sjøen, men har god utsikt over sjøen.
Området i dag mini|upright|Det er mykje undring rundt den 81 cm høge menneskefiguren med rundt, lite hovud, store øyre og lite utvikla lemmar. Gjessing meiner at han har ein «sakral karakter», og siterer Edvard Bull på at streken gjennom halsen må vere ei pil. Det er informasjonstavler på staden. Området inngår i turstien «Frostastien».Frostastien; frostaporten.no
Evenhus inngår i Trøndelag fylkeskommune sitt formidlingsprosjekt Bergkunstreisen.Helle Vangen Stuedal. «Bergkunstreisen i Trøndelag»; Spor; 2020, nr 2 Sidan 2005 har Vitskapsmuseet og fylkeskommunen behandla feltet som ein del av Riksantikvaren sitt bevaringsprogram for bergkunst. Ein sprøyter ristningsfeltet med etanol for å hindre plantar, mose og algar i å bryte ned berget. Om vinteren blir bergflata dekt med byggfolie og PVC-duk med innsveisa isolasjonsmatte.Usikker framtid for bergkunsten i Norge; forskning.no, 11.5.2019Bevaringsprogramma – Bergkunst; riksantikvaren.no
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Helleristningene på Evenhus» frå , den 16. september 2026.
Litteratur
Kalle Sognnes (1996). «Det religiøse landskapet : ideologiske skiftninger gjennom 7000 år». Spor – fortidsnytt fra Midt-Norge, nr 2, 1996; side 10-14. (pdf)
Kalle Sognnes (2009). «Fra Bøla til Holtås – hvordan tegne en elg?». Nord-Trøndelags historielags årbok, pp. 161-168. Kalle Sognnes (2010). «Å tegne elger på berg : en håndbok fra steinalderen». Spor – fortidsnytt fra Midt-Norge, nr 1, 2010; side 16-19. (pdf) Kalle Sognnes (2011). «På en holme i Trondheimsfjorden : helleristningene på Evenhus i Frosta». Nord-Trøndelags historielags årbok, pp. 73-84. Heidrun Stebergløkken (2010). «Bergkunsten i Trøndelag : et grenseområde». Nord-Trøndelags historielags årbok, pp. 53-66.
Bakgrunnsstoff
Kjell Brevik: Blant båter, kvaler og elger på Evenhus; Digitalt museum / Bergkunstmuseet, 15. oktober 2014 Helleristninger Evenhus; visitfrosta.no Billeder fra Evenhus; heimskringla.no Evenhus; bilder og engelsk/finsk tekst, ismoluukkonen.net
Evenhus Kategori:Kulturminne i Frosta