Heinrich Ludwig Christian Friedrich Reuter, kjend som Fritz Reuter, () var ein tysk poet og forfattar som skreiv på lågtysk. Saman med Klaus Groth vert han rekna som grunnleggjar av nyare lågtysk litteratur.
Reuter studerte jus i Rostock og Jena. Begge stadene engasjerte han seg i dei nasjonalliberale studentforeiningane. I 1833 vart han arrestert og dømt til døden for landssvik. Straffa vart gjort om til fengsel. Han fekk amnesti og slapp fri i 1840 då Fredrik Vilhelm IV kom på trona.
Reuter fekk sitt gjennombrot som litterat med Läuschen und Riemels, ei samling forteljingar og dikt som kom ut på lågtysk i 1853. Særleg kjend er han for sine romanar, lagt til Mecklenburg der han skildrar eigne opplevingar og folkelivet. Fleire av bøkene hans var svært populære, fire av dei kom på norsk, alle i ulike omsetjingar frå 1878 til 1929. Severin Eskeland omsette Ut mine Stromtid til nynorsk Bygdaliv (1910-12).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fritz Reuter» frå , den 17. september 2026.
Kategori:Tyske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1800-talet Kategori:Plattysk