«The Show Must Go On» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters for albumet The Wall i 1979.
Handling Songen er truleg kommentaren til hovudrolla Pink på kontrollen manageren og plateselskapet har over det ruinerte livet hans. Alternativt kan «showet» vere ein metafor for livet. Pink diskuterer kva han skal gjere etter han er ferdig med å byggje den mentale muren sin, og forstår at eit isolert liv er keisamt. Han kjem fram til at «showet må gå vidare», men stresset dette påfører han skapar hallusinasjonen i byrjinga av «In the Flesh».
Komposisjon Roger Waters ville lage eit «Beach Boys»-liknande lydbilete i bakgrunnen og fekk med seg Bruce Johnston frå bandet for å få det til.
Songen er ikkje med i filmutgåva av filmen, og heller ikkje på Roger Waters sitt konsertalbum The Wall Live in Berlin frå 1990.
Eit ekstra vers vart tatt bort frå studioutgåva av albumet, men verset stod likevel på omslaget, noko som tyder på at verset kanskje vart tatt bort i siste liten. «Do I have to stand up Wild eyed in the spotlight What a nightmare Why! Don't I turn and run»
Etter dette verset byrjar tekstlinja «It must be some mistake...».
Den heile songen, med det ekstra verset, vart framført på konsertane, og er òg med på konsertalbumet Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81.
Medverkande David Gilmour – vokal, gitar, bassgitar, roto tom Nick Mason – trommer Richard Wright – synthesiser
med:
Bob Ezrin – synthesiser, piano Bruce Johnston – korvokal Joe Chemay – korvokal Stan Farber – korvokal Jim Haas – korvokal John Joyce – korvokal Toni Tennille – korvokal
Personell per Fitch og Mahon.Fitch, Vernon and Mahon, Richard, Comfortably Numb — A History of The Wall 1978–1981, 2006, s. 103.
Kjelder Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3. utg.), 2005. ISBN 1-894959-24-8
Kategori:Songar om teater Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Pink Floyd-songar Kategori:Songar skrivne av Roger Waters Kategori:Songar produserte av Bob Ezrin Kategori:Songar produserte av David Gilmour Kategori:Songar produserte av Roger Waters