«Waiting for the Worms» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters for albumet The Wall i 1979.

Handling På dette punktet i historia har Pink mista alt håp og har latt dårlege tankar eller «ormar (worms)» ta over tankane hans. I hallusinasjonane sine er han ein fascistisk diktator som spreiar hat og lover tilhengjarane sine at dei skal få sjå «Britannia rule again» og «sende våre farga vener heim igjen». I tillegg annonserer han at han ventar på å skru på dusjane og fyre opp omnane.

Komposisjon I introduksjonen tel Waters opp på tysk: «Eins, zwei, drei, alle!». Songen er svært drastisk, men roleg i byrjinga. Etter ei stund byrjar ei dempa stemme å tale, og dette held fram medan musikken vert tyngre. Resten av songen skiftar mellom det rolegare og det tyngre partiet. Mot slutten vert talen meir og meir høglydt, medan musikken aukar i volum og talen til slutt druknar i all lyden.

Filmversjon Songen startar med ein animert sekvens der nokre tenåringar spring over ei filledokkeutgåve av Pink. Han roper så gjennom ein megafon, medan tilhengjarane hans marsjerer gjennom gatene. Etter dette er det tilbake til ein animert sekvens med eit skrikande hovud og ein nazist som knuser ein hovudskalle. Ein hund et kjøtt frå ein krok, men vert sjølv ete av ein større hund. Til slutt ser ein ei rekkje marsjerande hammarar, der hovudet på hammarane er forma som megafonar. Heilt til slutt ser ein Pink som skrik «Stop».

Medverkande Roger Waters – EMS VCS 3,Fitch, Vernon and Mahon, Richard, Comfortably Numb — A History of The Wall 1978–1981, 2006, s. 89. lead and korvokal, megaphone vokal David Gilmour – solovokal, korvokal (intro), latter, gitar, bassgitar, Prophet-5 synthesiser Nick Mason – trommer Richard Wright – orgel

med:

Bob Ezrin – piano, korvokal Bruce Johnston – korvokal Toni Tennille – korvokal Joe Chemay – korvokal Stan Farber – korvokal Jim Haas – korvokal John Joyce – korvokal

Personell per Fitch og Mahon.Fitch og Mahon, s. 108.

Kjelder Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3. utg.), 2005. ISBN 1-894959-24-8

Kategori:Pink Floyd-songar Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Hardrockballadar Kategori:Songar om narkotika Kategori:Songar om rasisme eller framandhat Kategori:Songar skrivne av Roger Waters Kategori:Songar produserte av Bob Ezrin Kategori:Songar produserte av David Gilmour Kategori:Songar produserte av Roger Waters