The Piper at the Gates of Dawn er debutalbumet til Pink Floyd og det einaste albumet med Syd Barrett som frontmann, sjølv om han medverka litt på oppfølgjaren A Saucerful of Secrets. Det er rekna for å vere ein av dei platene med størst innverknad gjennom musikkhistoria og hadde svært stor innverknad på den psykedeliske rocken på den tida, og mykje av musikken som følgde. Tekstane er underlege om fugleskremsel, nissar, syklar og eventyr i lag med psykedeliske instrumentalparti. Albumet vart spelt inn i Abbey Road Studios samtidig som The Beatles spelte inn Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band.

Songane på albumet er hovudsakleg skrivne av Barrett, og viser poetiske tekstar og eit breitt utval av musikk, frå den avantgardistiske «Interstellar Overdrive» til underlege songar som «The Scarecrow», inspirert av The Fens, eit landleg område nord for Cambridge. Både Barrett, Gilmour og Waters voks opp i denne byen og kjende kvarandre frå barndomen. Tekstane er surrealistiske og refererer ofte til segner, som i «The Gnome». Musikken inneheldt nyare teknologi innan elektronikk som bruk av stereopanorering og elektriske tangentinstrument.

Tittelen på albumet er henta frå det sjuande kapittelet i boka The Wind in the Willows (norsk Det suser i sivet) av Kenneth Grahame, der Vassrotta og Moldvarpen har ei andeleg oppleving medan dei leitar etter eit bortkome dyr. «Dette er staden i songdraumen min, staden som musikken spela for meg», kviskra Rotta, som om han var i transe. «Her er den heilage staden, og om vi nokon gong skal finne Han, må det vere her!» Fløytespelaren (The Piper) som det vert referert til er den greske guden Pan. Vic Singh fotograferte og designa omslaget på plata, i motsetnad til andre Pink Floyd-album.

Utgjeving I juni 1967 før albumet kom ut, vart singelen «See Emily Play» selt som ein 7-tommars singel med «The Scarecrow» som B-side. Heile albumet kom ut 5. august 1967, inkludert «The Scarecrow».

Pink Floyd fortsette å spele på UFO Club i London, slik dei hadde gjort før albumet kom ut, og trekte fulle hus. Samstundes byrja Barrett si psykiske helse å forverre seg. Bandet håpte først at den ureknelege oppførselen berre var ein fase som kom til å gå over, men andre, som manageren Peter Jenner og sekretæren hans June Child,Schaffner 2005, s. 36 var meir realistiske:

Til bandet sin store forskrekkelse måtte dei avlyse ei framføring på prestisjefulle National Jazz and Blues Festival, og informere musikkpressa om at Barett sleit med slitne nerver. Jenner og Waters bestilte time til Barrett hos ein psykiater – eit møte han ikkje var med på. Han vart sendt for å slappe av i sola på den spanske øya Formentera med Waters og Sam Hutt (ein lækjar som varr godt kjend i undergrunnsmiljøet), men dette førte ikkje til synlege betringar.Mason 2011, s. 95–105Blake 2008, s. 94Schaffner 2005, s. 88–90Schaffner 2005, s. 91–92

Den originale britiske LP-utgåva kom ut 4. august 1967 både i mono og stereo. Ho nådde sjetteplassen på den britiske albumlista.Povey 2007, s. 342Chapman 2010, s. 172 Den kanadiske versjonen var identisk til den britiske. Den originale amerikanske versjonen kom ut på Tower-etiketten til Capitol den 21. oktober 1967. Denne versjonen fekk berre tittelen Pink Floyd, sjølv om den originale albumtittelen stod på baksida av omslaget, slik som på den britiske utgåva. Dick Clark brukte ògo den originale tittelen då gruppa spelte på American Bandstand den 18. november 1967. Den amerikanske utgåva hadde ei forkorta sporliste,Cavanagh 2003, s. 54–55 og nådde 131. plassen på Billboard-lista. Den britiske singelen «See Emily Play» erstatta «Astronomy Domine», «Flaming» og «Bike». Albumet kom ut like før den amerikanske turneen deira og «Flaming» vart gjeven ut på singel med «The Gnome» som B-side.Cavanagh 2003, s. 55 The Tower-utgåva tona òg ut «Interstellar Overdrive» og braut overgangen til «The Gnome» slik at det passa det nye songrekkjefølgja. Dei seinare amerikanske CD-utgåvane var lik den britiske. Albumet selde til gullplate i USA 11 March 1994.

Mottaking

Då albumet kom ut gav både Record Mirror og NME albumet fire av fem stjerner. Record Mirror sa «det psykedelisk imaget til gruppa kjem verkeleg til live på denne LP-en, som syner det store talentet deira og innspelingsteknikken. Her er mange fantastiske lydar, både støyande og rolege, og heile greia er særs godt utført.» Melding opphavleg publisert i Record Mirror i august 1967. Cash Box kalla det «ei særs slåande samling med drivande, moderne rock».Povey 2007, s. 66 Paul McCartneyManning 2006, s. 36 og den tidlegare Pink Floyd-produsenten Joe Boyd rosa begge albumet. Fansen meinte derimot at albumet ikkje representerte konsertane deira.Chapman 2010, s. 171

I nyare år har The Piper at the Gates of Dawn fått høgare status. Albumet vert rekna som eit psykedelisk meisterverk. I 1999 gav Rolling Stone albumet 4,5 av 5 stjerner og kalla det «gullbragda til Syd Barrett». Magasinet Q skildra albumet som «uunværleg» og tok det med på lista si over dei beste psykedeliske albuma gjennom tidene. Det vart òg rangert på 40. plassen på lista til Mojo over «The 50 Most Out There Albums of All Time». I 2000 plasserte Q albumet på 55. plassen på lista si over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene. I 2012 vart den amerikanske utgåva av The Piper at the Gates of Dawn rangert på 347. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.

Nyutgjevingar The Piper at the Gates of Dawn kom ut på CD i 1985. Ei ommastra utåve kom ut i 1994 og i 1997 kom ei 30-årasjubileumsutgåve i mono ut i Storbritannia på CD og vinyl. Desse avgrensa utggåvene kom i ein digipak med 3D-framside. Dennne monoutgåva inneheld ein lett redigert versjon av «Flaming». Ein bonus-CD med seks spor, 1967: The First Three Singles, vart gjeven bort i lag med 30-årsjubileumsutgåva i 1997.

I 1973 vart albumet, i lag med A Saucerful of Secrets, gjeven ut som ei dobbelplate kalla A Nice Pair for å introdusere fansen til den tidlege musikken deira etter suksessen med The Dark Side of the Moon. På den amerikanske utgåva av samlinga vart den originale studioversjonen av «Astronomy Domine» erstatta av den åtte minuttar lange konsertversjonen på Ummagumma.

For 40-årsjubileet vart det gjeve ut ei dobbelplate den 4. september 2007, og ei utgåve på tre plater kom ut 11. september 2007. Innpakninga var designa av Storm Thorgerson og likna ei bok kledd i stoff, med ein tolv sider lang reproduksjon av notatboka til Barrett. Dei to første platene inneheld heile albumet i original monomiks (plate 1) og den alternative stereoversjonen (plate 2). Begge var blitt ommastra av James Guthrie. De tredje plata inneheld fleire studioopptak frå Piper-tida frå Abbey Road-kvelvet i lag med dei tre første singlane deira i mono. Av dei tidlegare ikkje utgjevne spora var eit kortre opptak av «Interstellar Overdrive» som ein tidlegare hadde trudd var gått tapt, ein forkorta miks av «Interstellar Overdrive» som tidlegare berre var tilgjengeleg på ein EP i Frankrike, ein alternativ miks av «Matilda Mother» og ein stereomiks frå 1967 av «Apples and Oranges», med ekstra musikk i byrjinga og slutten.

Piper vart nok ein gong ommastra og gjeve ut den 26. september 2011 som ein del av kampanjen Why Pink Floyd...? og i plateboksen Why Pink Floyd ... ? Discovery.

Innhald Britisk utgåve

Alle songane er skrivne av Syd Barrett med mindre anna er nemnt.

Amerikansk utgåve

40-årsjubileumsutgåva Dei to første platene inneheld høvesvis monomiksen og stereomiksen av albumet. Den tredje plata inneheld bonusspor.

Songar

Astronomy Domine Songen er sunge av Barrett og Rick Wright, og har ein uvanleg akkordsamansetting for ein 1960-talssong, og står i skarp kontrast til akkordar frå andre pop-, vise- og bluessongar på denne tida: E Eb G A. Akkordprogresjonen i lag med bruk av binsonklang på gitaren gjev songen ein særeigen psykedelisk karakter. I opninga av songen kan ein høyre Peter Jenner, som var manageren deira på den tida, som les opp namn på stjerner gjennom ein megafon. «Domine» i tittelen vert uttalt og ikkje eller .

Songen vart spelt ein del på konsertar heilt fram til midten av 1971, og ein konsertversjon av songen vart gjeve ut på albumet Ummagumma i 1969. På denne tida var det David Gilmour som song songen i staden for Wright. Konsertversjonane var lengre med første verset to gonger og eit instrumentalparti i midten som inneheldt ein roleg orgelsolo før siste verset. Denne versjonen var òg meir i stil med progressiv rock enn psykedelisk rock.

Songen vart igjen spelt på konsertar på bandet sin turné i 1994, og ein konsertversjon frå Miami kom ut som b-sida til singelen «Take It Back», medan ein versjon frå ein av konsertane i London vart gjeve ut på konsertalbumet P*U*L*S*E. David Gilmour spelte òg songen på nokre av sine konsertane sine i 2000- og 2010-åra og han vart framført av Nick Mason's Saucerful of Secrets i 2018.

Lucifer Sam Songen er bygd rundt ein fallande akkordprogressjon, der det dominerande instrumentet er elektrisk gitar gjennom ein ekkomaskin, og resultatet har vore kalla ein «vond» Duane Eddy-liknande gitar.Toby Manning (2006). The Rough Guide to Pink Floyd: p.155 Lucifer Sam var katten til Syd Barrett, og i songen har han eit slags forhold til Barrett sin dåverande kjæraste, Jenny Spires (som vert referert til i songen som «Jennifer Gentle»). Den opphavlege tittelen på songen var «Percy the Rat Catcher», og vart spelt inn mellom april og juni 1967.Vernon Fitch (2005). The Pink Floyd Encylopedia: p.186 Songen vart berre spela på konsertar i 1967. Introen på songen har seinare vore brukt i filmen Austin Powers: International Man of Mystery (1997).

Matilda Mother Songen er i praksis eit eventyr fortalt av ei mor til barnet sitt, og er for det meste sungen av Richard Wright, men i lag med Barrett på siste verset. Songen byrjar med svært karakteristisk og uvanleg bass og orgel, der bassen vert spelt med doble stoppslag. Gitaren spelar sjeldan akkordar, noko som er uvanleg for mange songar på denne tida. Mest uvanleg til å vere rockemusikk (sjølv psykedelia) er Wright sin orgelsolo i ein fiss frygisk #6 skala. Songen endar i ein ein valsetakt med ordlause vokalharmoniar av Wright og Barrett.

Flaming

Songen opnar med ei ukarakteristisk fløyte spelt av Roger Waters. Songen vart gjeve ut på singel 5. august 1967 med «The Gnome» som b-side. Songen vart spelt på enkelte konsertar i 1968, sungen av David Gilmour. Den surrealistiske teksten og den muntre melodien var ganske annleis det andre Pink Floyd spelte på denne tida, og Gilmour virka svært lite entusiastisk då han song.

Pow R. Toc H. Dette er ein av dei få spora på albumet som er skrivne av fleire enn Syd Barrett, og her medverka heile bandet. Det er ein intrumental som inneheld eit pianostykke etterfølgd av merkelege lydar, skildra av enkelte som skumle jungelliknande lydar. Barrett nyttar ei tidleg form for beatboxing, medan Waters nyttar «skriket» han seinare nytta i «Careful with That Axe, Eugene».

I konsertstykke The Man and the Journey frå 1969 vart instrumentalen kalla «The Pink Jungle». Tittelen på instrumentalen, av Waters, var koden sambandsmenn i militæret nytta for The Talbot House, ein klubb der offiserar og meinige var likestilte. Toc H. vart seinare ein interdenominasjonal kristen felleskapsorganiasjon.

Take Up Thy Stethoscope and Walk Songen var den første songen skriven av Waters for eit Pink Floyd-album, og inneheld frenetisk gitarspel av Barrett. Songtittelen er ein referanse til Johannesevangeliet 5:8 - (på engelsk) «Jesus saith unto him, Rise, take up thy bed, and walk.» Teksten er makaber, og ganske annleis resten av albumet, men karakteristisk for mykje av det Waters skreiv seinare. Temaet i songen dukka seinare opp i songar som «Free Four» og «Comfortably Numb».

Interstellar Overdrive

The Gnome