Relics er eit samlealbum av Pink Floyd frå 1971. Ei ny utgåve på CD med betre digital lyd kom i 1996 med eit anna plateomslag. Det originale plateomslaget var teikna av trommis Nick Mason og framstilte eit skip laga av musikkinstrument. Det nye omslaget viser eit bilete av ein ferdigbygd modell av skipet.

Relics var mest kjend for å innehalde dei tidlege hitsinglane «Arnold Layne» og «See Emily Play» frå Syd Barrett-perioden, i tillegg til B-sidene til tre andre singlar. Den inneheld òg den tidlegare ikkje utgjevne studioinnspelinga «Biding My Time» av Roger Waters, som tidlegare berre hadde vore spelt på konsertar. Resten av songane var identiske til albumversjonane.

Relics nådde 34. plass på albumlista i Storbritannia og 153. plass i USA.

Innhald

Medverkande Syd Barrett - Gitar og vokal på «Arnold Layne», «See Emily Play», «Interstellar Overdrive» og «Bike». Roger Waters - Bassgitar og vokal David Gilmour - Gitar på alle spor unntatt dei Barrett spelar på, i tillegg til vokal Richard Wright - Orgel, piano, synthesizer og vokal Nick Mason - Trommer og perkusjon.

Kategori:Pink Floyd-album Kategori:Samlealbum frå 1971 Kategori:Album produserte av Norman Smith Kategori:Album produserte av Joe Boyd Kategori:Plateomslag av Hipgnosis Kategori:Capitol Records-album Kategori:EMI Records-album Kategori:Harvest Records-album