Samveldeleikane (engelsk ) er eit idrettsarrangement for utøvarar frå medlemslanda i Samveldet av nasjonar. Leikane vart avvikla fyrste gongen i 1930 under namnet The British Empire Games. Namnet vart frå 1954 endra til The British Empire and Commonwealth Games og frå 1970 til The British Commonwealth Games. Dagens namn har vore i bruk sidan leikane i 1978.
Samveldeleikane vert som Dei olympiske leikane haldne kvart fjerde år. I tillegg til dei fleste idrettsgreinene innom olympiske sommarleikar, vert det tevla i idrettar som har lange tradisjonar i land som er knytt til Storbritannia og dei tidlegare kolonilanda. I 2024 var 74 land og territorium medlem i Samveldet.
Dei XXII. samveldeleikane fann stad i Glasgow i Skottland i juli/august 2026.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Commonwealth Games» frå , den 31. juli 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipingar i 1930 Kategori:Idrettstilskipingar