Lion Feuchtwanger () var ein tysk-amerikansk forfattar, fødd i München og død i Los Angeles.
Jødiske Feuchtwanger studerte litteratur, filosofi og antropologi i München og Berlin. Han tok i 1907 doktorgraden på ei avhandling om Heinrich Heine. I mange år bidrog han til tidsskriftet Die Weltbühne.
Gjennom historiske romanar kritiserte Feuchtwanger samtida, til dømes i Jud Süss. Verk av honom vart i 1933 brende på bokbål rundt om i Nazi-Tyskland. Som venstreorientert jøde vart Feuchtwanger same året fråteken sitt tyske borgarskap. Bøkene hans vart forbodne og han flykta frå landet. Sidan levde han i USA.
Seks av Feuchtwanger sine romanar vart omsett til norsk og kom ut på forlaga Aschehoug og Gyldendal i åra frå 1932 til 1938. På Gyldendal kom Jerusalems undergang, Jøden i Rom og Jøden Süss, medan Aschehoug gav ut Søsknene Oppenheim, Den heslige hertuginne og Den falske Nero. Alle desse var «Verboten» under den tyske okkupasjonen av Noreg.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lion Feuchtwanger» frå , den 30. juli 2026.
Kategori:Tyske forfattarar Kategori:USA-amerikanske forfattarar frå 1900-talet