mini|Hamar domkyrkje slik Olaf Nordhagen meiner at ho har sett ut. Domkyrkjeruinane er ein del av Hedmarksmuseet, som ligg på Hamar. Ruinane er det som er att av den gamle Hamar domkyrkja, som byrja å bli bygd i 1152, og stod ferdig omkring 1200. Stilistisk sett liknar den gamle Hamar domkyrkja Ringsaker kyrkje, Gamle Aker kyrkje i Oslo og Nikolaikyrkja på Gran. Desse kyrkjene vart bygde med den eldste hovudkyrkja i Oslo bispedøme, Hallvardskatedralen, som i dag ligg i ruinar ved Oslo torg (krysset Bispegata–Oslo gate) i Gamlebyen i Oslo.
Domkyrkja var – liksom førebiletet St. Hallvardskatedralen i Oslo – ein treskipa basilika bygd i ein lett romansk stil. Katedralen skal truleg ha hatt to vesttårn og eit stort sentraltårn. I mellomalderen vart koret vida ut. Domkyrkja vart i 1567 øydelagd av svenskane under den nordiske sjuårskrigen.
I dag er det Riksantikvaren som eig Domkyrkjeruinane og vernebygget, medan Stiftelsen Domkirkeodden står for å styre og bruke bygget. Den nye Hamar domkyrkje vart bygd midt på Hamar i 1866.
Vernebygget I 1985 vart ruinane pakka inn i plast, for å verne dei for skadar frå frost og væte. For at allmenta skulle få glede av ruinane, bygde dei i 1998 eit vernebygg av glas. Bygget vart den største einstaka satsinga til Miljøverndepartementet innan kulturminnevern til då. Det vart opna av kronprins Haakon 9. august 1998.
Glasbygget vart teikna av arkitektane Lund & Slaatto. Det har ei grunnflate på 2600 kvadratmeter, og stålkonstruksjonane ber til saman ei glasflate på 4800 kvadratmeter. Prosjektet fekk Norsk Stålkonstruksjonspris for 1999 og hausten 2005 vart vernebygget gjeve FIABCI (The International Real Estate Federation) si noregsavdelings spesialpris for makelaus arkitektur. Under opningsseremonien vart verket «Sten i glass», skriven av Svein Gundersen og tonesett av Bjørn Sverre Kristensen, ført opp. Arkitekten Kjell Lund sa i tala si på opningsfesten at «Sten i glass» hadde fanga ideane hans om bygget.
Glasbygget kosta 76 millionar kroner. 10 av millionane vart donerte av amerikanaren Thomas J. Perkins, som hadde mist kona som voks opp nær ruinane. Under opningsseremonien i 1998 avduka han ei minneplate over Gerd Thune-Ellefsen Perkins. Seks millionar vart samla inn av dei som budde på Hedmarken.
Det nye bygget har fått namnet Hamardomen. I tillegg til å verke som vernebygg, blir det au nytta til kyrkjelege seremoniar som barnedåp og bryllaup, og til å hyse konsertar, teaterframsyningar og liknande for opptil 800 tilskodarar.
Tusenårsstad Domkyrkjeruinane er tusenårsstad til Hamar kommunes og Hedmark fylke.
Rekonstruksjon av kyrkja Ei gruppe studentar ved NTNU freista i 2010 å teikne slik ein trur kyrkja kan ha sett ut utvendig i form av 3D modellar. Filmen av 3D modellane kan ein finne på YouTube. Han syner kyrkja i 3 ulike byggjefasar.
Teikningar og bilete «Dobbeltkatedralen», domkyrkjeruinane i vernebygget
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Domkirkeruinene på Hamar» frå , den 7. juni 2026.
Litteratur
Bakgrunnsstoff
Domkyrkjeruinane på Hamarsiden.no. Arkivert nettside.
Kategori:Kyrkjebrannar i Noreg Kategori:Freda bygg i Innlandet Kategori:Kulturminne i Hamar Kategori:Tusenårsstader Kategori:Kyrkjer i Hamar Kategori:Kultur i Hamar Kategori:Historie i Hamar Kategori:Artiklar der bilete er henta frå Wikidata Kategori:11°E Kategori:60°N